Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
10.01.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3290933Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 04.01.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sunnfjord kommune
Kommunepsykolog 2. gangs utlysing
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig totalt 100 % vikariat/mellombels stilling som kommunepsykolog frå 15.02.2021.
Vikariatet varer i utgangspunktet i eit år.
50 % er knytt til Helsestasjonen i SunnfjordHelsestasjonen er lokalisert i dei ulike delane av Sunnfjord kommune. Stillingsressursen vil i utgangspunktet ha kontorstad på Helsestasjonen i Førde, lokalisert i 3.etasje i Førde Rådhus.
Helsestasjonen yt helsefremjande og førebyggande tenester til barn, unge og deira familiar, inkl. svangerskapsomsorg, kommunepsykolog og helsestasjonen sitt oppfølgingsteam. Eininga har 34 faste tilsette med tverrfagleg samansett kompetanse, inkl. 200 % psykologressurs.
50 % er knytt til eininga Psykisk helse og rus i SunnfjordPsykisk helse og rus er delt i fire soner; i Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande. Ein må ta høgde for å nytte noko av arbeidstida ute i de ulike sonene ved behov. Eininga gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til innbyggjarane i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege råmer. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet, og fordrar også at ein er trygg på eigne avgjerdsle.Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. I eininga er vi omlag 20 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har også ei utekontaktstilling som jobbar førebyggande opp mot ungdom.
Kvalifikasjonar:- autorisasjon som psykolog
- at du har erfaring med
- arbeid med barn og unge/familiar for individuelle oppfølging (gjeld Helsestasjonen)
- rettleiing av kollegaer og andre samarbeidspartar (gjeld både Helsestasjonen og Psykiske helse og rus)
Du må har førarkort kl. B.
Elles legg vi vekt på at du har:- gode samarbeidsevner og dialog med kollegaer og andre
- lojalitet til overordna avgjerd
- evne til å vere fleksibel
- evne til å kunne jobbe sjølvstendig samt i samhandling med kollegaer og andre
- evne til å jobbe strukturert og løysningsorientert
- god datakompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal
- godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- spennande arbeidsoppgåver og ein variert arbeidskvardag
- løn etter kvalifikasjonar
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Politattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
10.01.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3290933Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 04.01.2021