• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    08.06.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5204976
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 25.05.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Ål Kommune

Kommunalsjef - Oppvekst

Offentlig forvaltning

Har du gode leiareigenskapar og eit brennande engasjement for oppvekstfaget, så vil me ha deg med på laget! Vår nye kommunalsjef oppvekst vil ha ansvar for fem kommunale barnehagar, fem skular, Ål kulturskule, Ål introsenter og Hallingdal leirskule, totalt omlag 150 årsverk. Vidare ligg det faglege ansvar for PPT som er ein del av Familiens hus, til stillinga. Som kommunalsjef rapporterer du til rådmannen og bidreg i leiargruppa til den strategiske leiinga av ein mellomstor kommune.

Hjå oss kan du vere med på utvikling av ein sektor som betyr mykje for elevar, føresette og vårt lokalsamfunn. Me jobbar med å rigge oss for fremtida, og satsar mellom anna på styrkebasert tankesett, aktiv ressursstyring og «Oppvekst 2030», der me ser på alternative løysningar for organisering av sektoren. Me søkjer deg som er klar til å møte utfordringane som kjem, samt motivere og engasjere våre tilsette til å bidra til utvikling av sektoren. Du klarar å skape gode relasjonar til medarbeidarar, politikarar, innbyggjarar og andre samarbeidspartnarar, og har god rolleforståing for korleis ein jobbar i ein politisk styrt organisasjon.

Arbeidsoppgåver

  • sørge for eit inkluderande læringsmiljø i barnehagar og skular, og gode arbeidsplassar for våre tilsette
  • utvikle fagleg kvalitet i det pedagogiske tilbodet
  • personalansvar for 13 avdelingsleiarar og 4 medarbeidarar i staben
  • økonomi- og budsjettansvar
  • initiere og følge opp utviklingsprosjekt
  • systematisk arbeid med rapportering og styringsverktøy
  • delta i regionalt samarbeid og bidra i interkommunalt arbeid

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning innan barnehage/skule, eller anna relevant utdanning
  • leiarerfaring innan oppvekst eller utdanning er ynskjeleg
  • god kjennskap til det pedagogiske fagfeltet og til overordna plan- og styringssystem
  • erfaring fra kommunal sektor og arbeid med å leie utviklings- og omstillingsarbeid er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • evne til à motivere medarbeidarar og skape entusiasme
  • tydeleg og trygg leiar
  • svært god på kommunikasjon og samhandling
  • stort engasjement, god gjennomføringsevne og høg arbeidskapasitet
  • tillitsvekkande relasjons- og nettverksbyggar
  • nytenkjande og utviklingsorientert

 Personlege eigenskapar vil bli tillagt stort vekt.

 Me tilbyr

  • ei leiarstilling med spennande og varierte arbeidsoppgåver der du er med på å utvikle Ål-samfunnet
  • eit godt og utviklande arbeidsmiljø
  • ein kompetent stab og engasjerte og dyktige avdelingsleiarar
  • løn etter avtale og gunstig pensjonsordning
  • hjelp til å finne bustad  mm, les meir her (Flytt til Ål! - Ål kommune (aal.kommune.no))

Søkjarar som ynskjer à vere unnateke offentleg må grunngje dette særskilt. I følgje Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du få varsel om.

 

 

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    08.06.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5204976
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 25.05.2023