• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    15.04.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6576591
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Kommunalsjef helse og omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune er i vekst, og me søker kommunalsjef for helse og omsorg som vil vere med og utvikle framtidas tenester. Sektoren omfattar per i dag institusjon, heimeteneste, tildelingskontor, psykisk helse og rus, bu- og miljøteneste, fysio-/ergoterapi/friskliv og legeteneste. Det vert vurdert om Nav og flyktningtenesta også skal høyre til dette kommunalsjefområde.  

I denne rolla får du ei sentral rolle i å leie og vidareutvikle eit breitt spekter av tenester i ein kommune i utvikling. Som kommunalsjef vil du òg vere ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Me ønskjer ein tydeleg og tillitsbyggjande leiar som skaper godt samarbeid på tvers av fag og sektorar.  

Verdiane våre – samskapande, open, god og nysgjerrig – skal prege både leiinga di og utviklinga av tenestene. Ønskjer du å ha ei sentral rolle i å utvikle trygge, tilgjengelege og fagleg sterke helse- og omsorgstenester for innbyggjarane i Sogndal?  Då håpar me å høyre frå deg! 

 

Kommunalsjefen har overordna ansvar for leiing og utvikling av helse- og omsorgssektoren. Arbeidet omfattar: 

  • fagleg, økonomisk og administrativ leiing av sektoren  

  • leiing, styring, samordning og vidareutvikling av tenestene  

  • å vere pådrivar for innovasjon, ny teknologi og framtidsretta arbeidsmåtar  

  • ansvar for interkommunalt samarbeid innan sektoren  

  • deltaking i utviklinga av kommunen som heilskap  

  • å representere kommunedirektøren i politiske møte og utval  

  • utgreiingar og andre oppgåver etter kommunedirektøren si vurdering 

 

Me stiller krav om: 

  • relevant høgare utdanning innanfor fagområdet,  masternivå er ønskjeleg  

  • relevant leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor.  

  • dokumenterte resultat frå tidlegare leiarroller 

 

Du må ha: 

  • god kunnskap om og interesse for sektoren sine ansvarsområde 

  • erfaring med strategisk planarbeid og utviklingsarbeid 

  • erfaring frå kultur- og endringsleiing samt prosjektleiing 

  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter 

  • høg relasjonskompetanse 

Me ønskjer deg som: 

  • evner å tenkje og arbeide heilskapleg, strategisk og langsiktig       

  • er tydeleg, formidlar retning og skapar forankring                                                                       

  • byggjer tillit og er ein god sparringpartnar 

  • har god kunnskap om og erfaring med økonomi- og ressursstyring 

  • har erfaring frå kommunal sektor 

  • er eit førebilete i kultur- og haldningsarbeid 

  • er utviklingsorientert og nysgjerrig 

  • forstår rolla si i ein politisk styrt organisasjon 

  • tek initiativ og arbeider målretta og sjølvstendig, samstundes som du er ein god lagspelar 

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.   

 

Me tilbyr: 

  • Eit inspirerande og inkluderande arbeidsmiljø, med spennande oppgåver og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.  

  • Stor påverknadskraft i ei rolle med mykje ansvar og høg grad av sjølvstende.  

  • Gode moglegheiter for å bygge vidare på og utvikle eigen kompetanse.  

  • Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar.  

  • Løn etter avtale. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som erkvalifisertetil å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på åleggjatil rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på atifølgjeoffentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste,vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårtEasyCruit. 

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    15.04.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6576591
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune