• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    03.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6023377
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Kombiner ein kjekk arbeidsplass med hyggelege kollegaer og vakker natur i sommar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledige stillingar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgdistrikt frå 23.06. – 17.08.2025.

Vi søkjer deg som er engasjert og ønskjer å bidra til å gi beburarane våre ein fin kvardag. 

  •  sjukepleiar, vernepleiar, eller ha anna relevante helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning.
  •  helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning
  •  sjukepleie- vernepleie- og legestudentar
  •  lærar- og førskulelærarstudentar
  •  assistentar

Du kan ønskje ein eller fleire av desse arbeidsplassane og fordeling skjer etter behov for kompetanse:

  • Godøy bukollektiv.
  • Vigra omsorgssenter med sjukeheimsavdeling for menneske med demenssjukdom. 
  • Reset bufellesskap for menneske med funksjonsnedsettingar.
  • Vi har stillingar både på dag/kveld og natt, og eventuell prioritering må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide. Hugs også å oppgi i søknaden om du ønskjer bonusordning.

Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling inntil 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det blir tilsett fortløpande i stillingane.

Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.

Kvalifikasjoner:

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
  • God digital kompetanse.
  • Det er ein fordel om søkjarane har førarkort og kan disponere eigen bil. 
  • Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
  • Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Personlige egenskaper:

  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr:

Løn blir endra i samsvar med tariffoppgjeret våren 2025, men per i dag gjeld følgjande:

  • Pleiemedarbeidarar/assistentar: årsløn i heil stilling frå kr 382 500,- til kr 479 700,- etter ansiennitet.
  • sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar får slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- og bestått 2. år: kr 35 000,- over stigen for assistentløn etter ansiennitet. Dersom løn og tillegg overstig fagarbeidarløn med 16 års ansiennitet vert tillegget redusert tilsvarande maksimal løn på fagarbeidarstigen.
  • Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert. Legestudentar som er i siste studieår (har påbegynt 5. året) får gjeldande sjukepleieløn, men minimum kr 300,- per time.
  • Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over assistentløn etter ansiennitet. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.
  • Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Bonusordning:

  • Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 26 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 15 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
  • Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at bonusen blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.

Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    03.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6040, VIGRA
    GISKE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6023377
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune