Company
Fjaler kommuneApplication deadline
20.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5942969Look here for other jobs from Fjaler kommune
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjaler kommune
Kokk på Fjaler sjukeheim - 100 % stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer dyktig kokk til kjøkkenet ved Fjaler sjukeheim. Vi har ledig ei 60 % fast stilling som kokk på kjøkkenet på Fjaler sjukeheim frå 01.02.2025. Om du er interessert og har behov for å jobbe 100 % kan vi i tillegg tilby 40 % fast stilling oppe i avdelingskjøkken.
På kjøkkenet produserer vi heimelaga, næringsrik tradisjonsmat, supper og dessertar etter kok/kjøl- kok/server- og sous vide- prinsippet. No ser vi etter ein positiv og fleksibel kokk som vil jobbe med oss.
Fjaler sjukeheim har eige og godt utstyrt institusjonskjøkken i underetasjen på helsetunet. Hos oss har vi tre faste stillingar. Det blir servert 4 hovudmåltid kvar dag, og i tillegg blir det servert mellommåltid.
Maten frå kjøkkenet ved sjukeheimen er laga utifrå anbefalte retningslinjer frå Helsedirektoratet, og vi legg til rette for diettar og ulike typar ønskekost når bebuarane har behov for det. Forutan mat til bebuarane, så produserer kjøkkenet mat til heimebuande etter kok/kjøl- prinsippet. Denne blir levert til heimebuande to gongar i veka. Arbeidstida i stillinga er vekedagar mellom 07.00- 14.30, og som tilsett på kjøkkenet har ein fri alle heilagdagar.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga, vi håpar å høyre frå deg.
Kjøkken 60 % stilling:
- Produksjon av middag, lunsj, dessert og diettar
- Ansvar for å følgje dei rutinar i IK- Matsystem som gjeld eige område
I avdelingskjøkken 40 % stilling:
- Lage til ulike måltid, servering, tilrettelegging i høve måltid, opprydding
- Fagbrev som kokk eller institusjonskokk.
- Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert
- Strukturert og effektiv
- Sjølvstendig
- Positiv
- Fleksibel
- God på kommunikasjon og samarbeid
- Garantiløn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Introduksjonsprogram for nye tilsette
- Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
20.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5942969Look here for other jobs from Fjaler kommune