• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    28.04.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6595007
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Kokk 60% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga

Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med døgnkontinuerlege tenester. Vi har totalt 54 pasientar fordelte på fem bufellesskap: tre somatiske og to for personar med demens.

I tillegg driftar vi 10 av 20 omsorgsbustader i nabobygget. Både Sundheimen og omsorgsbustadane har langtidsbuarar med samansette og krevjande diagnosar.

Sundheimen har eige kjøkken og ei lita kantine. Kjøkkenet er i drift på dagtid, måndag til fredag.

Vi er eit engasjert fagmiljø som jobbar strukturert og effektivt, med pasientane i fokus. Vi set pris på medarbeidarar som kjem med forslag til forbetringar. Sundheimen ligg i Skogsskiftet, om lag 15 minutt frå Straume. Tilsette har gratis parkering og tilgang til ladestasjon.

Kort om stillinga

Hovudkjøkkenet ved Sundheimen er eit moderne kjøkken som produserer mat i tråd med nasjonale retningslinjer for kosthald, med vekt på tradisjonsmat.

Kjøkkenet produserer mat etter to produksjonsmetodar:

  • varmmat til kvardagar.
  • kok & kjøl til helgemat.

Sundheimen produserer mat til institusjonen, dagtilbod for eldre og til nokre heimebuande. Vi lagar òg noko mat til arrangement i kommunen og driftar kantina på huset.

Kjøkkenet har tre årsverk. I stillinga får du tillit og ansvar. Arbeidstida er dagarbeid måndag til fredag.

Arbeidsoppgåver

Utføra kokkefaglege oppgåver innan både varm- og kaldtkjøkken.

Følgja rutinar for internkontroll av mat.

Bestilla matvarer og ta i mot varer.

Utføra reinhald og rutinar som sikrar trygg mat.

Kommunisera med pasientar og avdelingar om ernæringsspørsmål.

Kvalifikasjonar

Kokk med fagbrev. Personar med lang og relevant erfaring kan og verta vurderte.

Kunnskap om ulike typar diettar og spesialkost.

God kunnskap om mattryggleik og næringsmiddelhygiene.

Bevisst forhold til matsvinn og berekraftig matlaging.

God kjennskap til mattryggleik og HACCP.

Personlege eigenskapar  

Vi ser etter ein kandidat som:

Jobbar godt sjølvstendig og i team.

Er oppteken av fagutvikling og villig til å møta behova til brukarane.

Er serviceinnstilt og samarbeidsvillig.

Har erfaring med ulike kokemetodar.

Er fleksibel, positiv og interessert i forbetringsarbeid.

Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Vi tilbyr
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • IA-bedrift.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Gratis parkering.
Anna  

Stillinga er ledig frå 01.06.2026.

Kontakt

Fagleiar Tove Sissel Tveit Tove.Tveit@oygarden.kmmune.no tlf: 56 16 04 00 - kjøken

Einingsleiar Janne Thode janne.thode@oygarden.kommune.no tlf: 45 04 45 69

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 850 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    28.04.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6595007
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune