Company
Øygarden kommuneApplication deadline
08.08.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3886875Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 24.06.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Kokk, 35% fast stilling, Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møta pasientane sine behov. Sundheimen har både korttids og långtidspasientar.
Om avdelinga:
Institusjonskjøkenet på Sundheimen er eit lite kjøken med 2,8 årsverk + tilknytt lærling. Dei produserer varm mat til 44 bebuarar på sjukeheimen. Førebels er det og produksjon til heimebuande, men denne tenesta vil verta fasa ut. Produksjon av helgemat ved kok/ kjøl. Det er også produksjon av diettar og spesialtilpassing til enkeltbrukarar. Kjøken i dei kommunale institusjonane er under harmonisering og det kan bli endringar i produksjon og organisering.
Arbeidsoppgåver:
- Produksjon av mat
- Pakka og levera tørrmat til sjukeheimsavdelingane
- Reinhald
- Enkel kantinedrift for personale og besøkjande
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som kokk
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå institusjonskjøken
- Interessa for og kunnskap om ernæring som tema.
Personlege eigenskapar:
- Glad i å laga mat
- Rask og effektiv i eit travelt kjøken
- Gode samarbeidsevner internt i kjøken og opp mot avdelingane
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
- Einingsleiar : Janne Thode, tlf : 56339720/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avd.leiar kjøken: Tove Sissel Tveit, tlf : 56339706 Tove.tveit@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
08.08.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3886875Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 24.06.2021