• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3886875
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 24.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Kokk, 35% fast stilling, Sundheimen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møta pasientane sine behov. Sundheimen har både korttids og långtidspasientar.

 

Om avdelinga:

Institusjonskjøkenet på Sundheimen er eit lite kjøken med 2,8 årsverk + tilknytt lærling. Dei produserer varm mat til 44 bebuarar på sjukeheimen. Førebels er det og produksjon til heimebuande, men denne tenesta vil verta fasa ut. Produksjon av helgemat ved kok/ kjøl. Det er også produksjon av diettar og spesialtilpassing til enkeltbrukarar. Kjøken i dei kommunale institusjonane er under harmonisering og det kan bli endringar i produksjon og organisering.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Produksjon av mat
  • Pakka og levera tørrmat til sjukeheimsavdelingane
  • Reinhald
  • Enkel kantinedrift for personale og besøkjande

 

Kvalifikasjonar: 

  • Fagbrev som kokk

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå institusjonskjøken
  • Interessa for og kunnskap om ernæring som tema.

 

Personlege eigenskapar:

  •   Glad i å laga mat
  •   Rask og effektiv i eit travelt kjøken
  •   Gode samarbeidsevner internt i kjøken og opp mot avdelingane
  •   Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

 

Kontakt:

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3886875
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 24.06.2021