• Företag
    Kystverket
  • Ansökningstiden
    15.11.2019
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6002, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    2236310
  • Se här för andra jobb från Kystverket
  • Uppdaterad 01.11.2019
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Kystverket

Kokk

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket søker etter kokk på fartøy i Kystverket Rederi. Våre fartøy opererer langs heile norskekysten i ei dagordning med mannskap på mellom 6 - 10 personer.

Kokk skal syte for forpleiningstenesta om bord.

Ho/Han er også ein viktig ressurs for trivsel om bord, med ansvar for å syte for eit allsidig og sunt kosthald, og reingjering av bysse og fellesareal.

Mannskapet har særavtale som for tida inneber arbeidsperiodar på 4 arbeidsveker og 4 friveker. Jul og påske er ferie/fri, men grunna beredskap har nokre fartøy vakt. Kokken er ansatt etter særavtale med delt dagsverk.

Det er ledig 1 fast stilling fra 1.12.2019

Arbeidsoppgåver

Ha kontroll med beholdning og forbruk av mat og forpleiningsmateriell.
Sørge for tilbereding og servering av mat til mannskapet
Fylgje gjeldande rutiner for måltider, hygiene og prosedyrer for samarbeid med motsatt skift.
Bestilling og innkjøp i samarbeid med skipsfører og tilpassa fartøyets drift
Orden og reinhald av bysse, messe og noko fellesareal



Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga. 

Kvalifikasjonar
Fagbrev som kokk eller tilsvarande
Oppdatert sikkerhetskurs etter STCW 2010 og helseattest for sjøfolk
Kokken må stette krav til å mønstre og bør ha fartstid.
Erfaring frå allsidig og sunt kosthald, samt erfaring frå dietter til allergi og spesialmat.




Personlege eigenskapar

Engasjert, framtidsretta og  påliteleg.
Serviceinnstilt og fleksibel
God ordenssans
Godt humør, ein positiv bidragsyter til det sosiale miljøet ombord



Vi tilbyr
Lønn etter avtale som fagarbeidar, stillingskode 1203. ltr 43-48 Grunnlønn p.t frå kr 397200 - 428500. Tillegg for vakt og tilgjengeleghet etter gjeldande særavtale p.t. kr 56.800 pr.år. Overtid og ekstra arbeid/kurs i friperiode kjem i tillegg.
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse. Det vert trekt 2 % av bruttoløn til SPK. Fartøymannskap har 60 års særaldersgrense.
Tilsetting er ikkje knytta til spesifikt fartøy.
Kystverket Rederi er IA-verksemd og har BHT avtale.
Det er eit personalpolitisk mål om at arbeisstyrken skal spegle samansetninga i befolkning generelt, både når
det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Alle kvalifiserte vert oppmoda om å søke.
Følg linken: "Søk på stilling" og legg inn dine opplysninger i elektronisk søknadsskjema, for å registrere deg som søkjar. NB! Ikkje søknad pr e-post.





 

  • Företag
    Kystverket
  • Ansökningstiden
    15.11.2019
  • Anställningsform
    workTime.Heltid
  • Bransch
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6002, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    2236310
  • Se här för andra jobb från Kystverket
  • Uppdaterad 01.11.2019