• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    31.12.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4903863
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 03.12.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Øygarden kommune

Klubbmedarbeider 14% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å arbeide med ungdom?

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 000 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med Kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.


Øygarden kommune har fire klubbar
Det lysast ut ein stilling som klubbmedarbeidar på Frihuset frivilligsentral – Ågotnesklubben på onsdagar, i en 14% fast stilling som klubbmedarbeidar. Frihuset på Ågotnes rommar aktivitetane til ulike frivillige organisasjonar, og ein BUA-sentral der ein kan låne seg gratis sports- og friluftsutstyr.


Kommunen har i tillegg ein ungdomsklubb på Rong og ein på Straume bibliotek og innbyggjartorg. Som klubbarbeidar arbeidast det på klubbkveldar, på aktivitetar i skuleferiar og på større arrangement i regi av avdelinga. Det arbeidast med å fanga opp uorganisert ungdom, med forebyggande tiltak, følgja opp ungdom, marknadsføring, kioskarbeid og samarbeid med andre som arbeidar for og med ungdom. Arbeidstid er på kveldstid, men det kan og vere nokre vaktar i helg i løpet av året knytt til større arrangement. Det må påreknast arbeid med førebuing før klubbkveld, og opprydding etter klubbkveld. Det kan bli aktuelt å bytte klubbplass.

Om klubbane
Ungdomsklubbane ligg under fagleiar for ung kultur i tenesteområde kultur. Ung kultur jobbar med forebyggande tiltak for ungdom, ungdomsmidlar, BUA, Den kulturelle skulesekken, UKM, MOT og aktivitetar for born og ungdom i skuleferiar. Klubbane skal vere opne og inkluderande møteplassar med gode aktivitetstilbod. Barn og unge skal sjølv få vere med og bestemme innhaldet.  Det vil vere ulike kurs og Workshops, t.d. redesign, foto, musikk og gaming. Kulturskulen er ein samarbeidspartnar.

Ungdomsklubben på Ågotnes er ein møteplass for elevar på 8.-10.trinn. Opningstida er  kvar torsdag kl. 18.00-20.30. På klubben kan ein kome for å spele spel, game, delta i ulike kreative aktivitetar eller berre henge.

Ågotnesklubben er ein møteplass for barn på 5.-7. trinn. Opningstida er kvar onsdag kl. 17.30-20.00. På Ågotnesklubben kan ein spele brettspel, game eller vere med på ulike kreative aktivitetar, og det er open kiosk.

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide på ein til to klubbkveldar i veka
  • Planlegge og sette i gang aktivitetar for og med ungdom
  • Arbeide på større arrangement for ungdom
  • Arbeide på aktivitetar for born og unge i skuleferiar
  • Marknadsføring, SOME
  • Oppfølging av ungdom, samtaler
  • Vere ein trygg vaksenperson
  • Kioskarbeid
  • Samarbeide med føresette
  • Samarbeide i team med dei andre tilsette
  • Samarbeide med dei andre klubbane i avdelinga


Kvalifikasjonar

  • Barn og ungdomsarbeidar eller anna relevant høgare utdanning.
  •  Erfaring frå ungdomsarbeid og klubbarbeid vert høgt vektlagt.
  • Positiv og engasjert person som trivest med å arbeida for og med ungdom.
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til MOT sine verdiar og gjerne erfaring frå MOT i skulen.
  • Kompetanse innan kunst og handverk, musikk eller andre relevante kulturaktivitetar er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Det er krav om å levere godkjent politiattest for å arbeide i fritidsklubb jf. Politiregisterforskrifta §34-12. 

 

Personlege eigenskapar

  • Du trivst med å jobbe aktivt med målgruppa og i samarbeid med andre
  • Du kommuniserer lett og presist på ein ukomplisert måte, både skriftleg og munnleg
  • Har evne til å motivere målgruppa og skape eit godt fellesskap  
  • Du er ein trygg vaksen i møte med barn og unge
  • Du har god gjennomføringsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta

 

Vi tilbyr:

  • Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og unge
  • Utfordrande, varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø med humor

 

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt!

Rådgjevar Ung kultur – Hilde Kristin Egeland – telefon 975 85 142 hilde.egeland@oygarden.kommune.no

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    31.12.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4903863
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 03.12.2022