Company
Ål KommuneApplication deadline
16.12.2022Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4902684Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 02.12.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
Klubbleiar 30 % stilling - Ål ungdomsfrivilligsentral
Offentlig forvaltning
Me søkjer etter ein engasjert medarbeidar i inntil 30 % stilling fram til 1.6.2023, som ungdomsarbeider i Ål ungdomsfrivilligsentral. Me søkjer deg som trivst saman med barn og ungdom. Du likar å ta ein prat, le, og ikkje minst ta dei på alvor og lytte på det dei har å seie. Du er reflektert, til stades og god til å rettleie ungdom i kvardagen. Du må ha evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit godt sosialt fellesskap der alle blir inkludert.
Ål ungdomsfrivilligsentral skal arbeide spesielt opp mot barn og ungdom sin fritid. Du skal bidra til at så mange barn og unge som mogeleg er med i organisert aktivitet og skape gode møteplassar.
Arbeidsoppgåver
- arbeidstider vil vere ettermiddag, kveld og helg
- ansvar for HallUng ungdomsklubb
Kvalifikasjonar
Ingen spesielle krav om utdanning. Du må vere over 18 år for å søkje.
Eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:
- interesse for førebyggande arbeid for barn og ungdom
- gode evner til å skape relasjonar
- er ein trygg vaksen
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har pågangsmot og engasjement
- er lojal og positiv
- er fleksibel og løysingsorientert
- evne til å arbeide sjølvstendig
- kan uttrykke seg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
Me tilbyr
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- varierte fleksible arbeidstider
- løn etter avtale
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling.
Send søknad
Du må sende elektronisk søknad.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Company
Ål KommuneApplication deadline
16.12.2022Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4902684Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 02.12.2022