Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.03.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
2744154Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 24.02.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjaler kommune
Klar for å ta utfordringa som rektor?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Då noverande rektor skal over i anna stilling søkjer vi no etter ein ny leiar til Flekke skule og barnehage. Som rektor får du ein interessant og spanande arbeidskvardag der du får høve til å nytte brei fagkompetanse i eit sterkt fagmiljø.
Vi søkjer etter ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar, gjerne med kjennskap til gjeldande lover og forskrifter. Vår nye rektor vert leiar av den praktiske og økonomiske drifta, får personalansvar for dei tilsette, og har det øvste ansvaret for elevane/barna si læring og utvikling.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Arbeidsoppgåver
- Leie og motivere medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats for barna og elevane si utvikling og læring
- Vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og kommunens satsingsområde til beste for barna og elevane si faglege og sosiale utvikling
- Involvere og samhandle med tilsette, foreldre og barn/elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Forvalte skulen og barnehagen sine totale ressursar på best mogleg måte innan tildelte rammer
Kvalifikasjonar
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Minimum tre års praksis med pedagogisk arbeid
- Leiarutdanning/rektorutdanning 30 stp. Kan og gjennomførast seinare
- Kjennskap til økonomi og økonomistyring er ein fordel
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Tydeleg
- Framtidsretta og utviklingsorientert
- Handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Ein spanande og viktig jobb
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø ved ein fin skule og barnehage
- Kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.03.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
2744154Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
- Oppdatert 24.02.2020