• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    25.10.2026
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6734451
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Ål Kommune

Kioskmedarbeidar

Offentlig forvaltning

Me søkjer no etter ein ny energisk kioskmedarbeidar i tilkalling. Arbeidet er på ettermiddag- og kveldstid, samt helg. Me ynskjer snarleg tiltreding.

Arbeidsoppgåver:

  • Kundeservice i kiosk og pr telefon.
  • Billettsal og reservasjonar.
  • Påfyll av varer.
  • Rensing av utstyr.
  • Ansvar for å halde lokala ryddige.
  • Kasseoppgjer.
  • Vere oppdatert på aktuelle filmar og kulturarrangement for å kunne yte den beste servicen til publikum.
  • Vertskapsrolle for publikummet vårt.
  • Ta i mot leigetakarar av møterom og salar på kveldstid.
  • Oppsyn med huset.

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha god kunnskap i bruk av digitale verktøy.
  • Interesse for ulike kulturutrykk.
  • Du har fylt 18 år og har gjerne erfaring frå sal- og servicebransjen, men det er ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Evne til å motivere og begeistre.
  • Serviceinnstilt og løysingsorientert.
  • Fleksibel og arbeidsvillig.

Personlege eigenskapar:

  • Du er ein kulturinteressert, entusiastisk og serviceinnstilt person - på Ål kulturhus er gjestane vårt hovudfokus.
  • Du er ansvarsbevisst, punktleg og du likar å ta initiativ og finne nye løysingar.
  • Du må vere komfortabel med å vere vert for gjestane våre, ha sosial kompetanse, vere sjølvgåande og samarbeidsorientert.
  • Glimt i auga og stort hjarte.
  • God i norsk munnleg.

Du som søkjar må ha vilje, forståing og motivasjon til å arbeide ein stad som har ope når andre har fritid.

Me tilbyr:

  • Eit kreativt film- og kulturinteressert arbeidsmiljø.
  • Løns- og arbeidsvilkåra er regulert av Hovudtariffavtala. 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Velkommen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    25.10.2026
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6734451
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune