Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
25.10.2026Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6734451Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ledig stilling
Ål Kommune
Kioskmedarbeidar
Offentlig forvaltning
Me søkjer no etter ein ny energisk kioskmedarbeidar i tilkalling. Arbeidet er på ettermiddag- og kveldstid, samt helg. Me ynskjer snarleg tiltreding.
Arbeidsoppgåver:
- Kundeservice i kiosk og pr telefon.
- Billettsal og reservasjonar.
- Påfyll av varer.
- Rensing av utstyr.
- Ansvar for å halde lokala ryddige.
- Kasseoppgjer.
- Vere oppdatert på aktuelle filmar og kulturarrangement for å kunne yte den beste servicen til publikum.
- Vertskapsrolle for publikummet vårt.
- Ta i mot leigetakarar av møterom og salar på kveldstid.
- Oppsyn med huset.
Kvalifikasjonar:
- Du må ha god kunnskap i bruk av digitale verktøy.
- Interesse for ulike kulturutrykk.
- Du har fylt 18 år og har gjerne erfaring frå sal- og servicebransjen, men det er ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Evne til å motivere og begeistre.
- Serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Fleksibel og arbeidsvillig.
Personlege eigenskapar:
- Du er ein kulturinteressert, entusiastisk og serviceinnstilt person - på Ål kulturhus er gjestane vårt hovudfokus.
- Du er ansvarsbevisst, punktleg og du likar å ta initiativ og finne nye løysingar.
- Du må vere komfortabel med å vere vert for gjestane våre, ha sosial kompetanse, vere sjølvgåande og samarbeidsorientert.
- Glimt i auga og stort hjarte.
- God i norsk munnleg.
Du som søkjar må ha vilje, forståing og motivasjon til å arbeide ein stad som har ope når andre har fritid.
Me tilbyr:
- Eit kreativt film- og kulturinteressert arbeidsmiljø.
- Løns- og arbeidsvilkåra er regulert av Hovudtariffavtala.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Velkommen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
25.10.2026Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6734451Se her for andre jobber fra Ål Kommune