• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    09.02.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6020872
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Ål Kommune

Juridisk rådgjevar

Offentlig forvaltning

Vil du vere med å stake ut retninga til Ål kommune for framtida? Vår jurist startar på sin ph.d. til hausten og me er på jakt etter hennar etterfølgjar.

Stillinga er lagt til HR avdelinga, men vil fungere som rådgjevar for rådmannen og sektorane i kommunen. Stillinga gir derfor stor bredde i fagfelt og store utviklingsmoglegheiter for den rette søkjaren. Me er på jakt etter ein engasjert, fleksibel og positiv medarbeidar som ynskjer å bidra til å gje både innbyggjarar, administrasjonen og politikarane tenester av topp kvalitet. Dette vil vere ein 100% fast stilling. 

Arbeidsoppgåver kan vera:

  • Sjølvstendig sakshandsaming og rettleiing, både av generell karakter og i enkeltsakar.
  • Samarbeide med rådmann eller andre sakshandsamarar for å finne juridisk handlingsrom i nye eller eksisterande prosjekter.
  • Bidra til å kvalitetssikre sakshandsaming og vedtak. 
  • Rettleie sakshandsamarar i juridiske spørsmål.
  • Delta i kvalitetsforbetring og kompetanseutvikling.

Me ynskjer at du som søkjer har:

  • Juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap.
  • Kompetanse innan sakshandsaming.
  • Kjennskap til eller erfaring innan offentleg verksemd.
  • Gode IT- kunnskapar.
  • Meget gode kommunikasjonsferdigheter, muntleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar:

  • Relasjonsbyggjar: du er positiv og har ei tillitsskapande åtferd, evner å byggje gode relasjonar og kan samarbeide på tvers av stillingar og nivå i organisasjonen.
  • Strukturert: du tek sjølvstendig ansvar for framdrift, tek initiativ og har høg gjennomføringsevne. Du evnar å halde oversikt og prioritere i ein hektisk arbeidskvardag.
  • Service- og brukerorientert: du er imøtekommande, positiv og løysingsorientert i din samhandling med andre.
  • Du syns det er spennande og gjevande å vere med å byggje eit godt lokalsamfunn.

Me tilbyr:

  • Jobb i ein utviklingsorientert kommune med gode tilbod for innbyggjarane.
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede.
  • Løn etter tariffavtale og innmelding i KLP.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Send søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    09.02.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6020872
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune