Företag
Kvam kommuneAnsökningstiden
14.08.2022Arbetsfunktion
RådgiverAnställningsform
workTime.HeltidBransch
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonUtbildningskrav
MasterArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4713489Se här för andra jobb från Kvam kommune
- Uppdaterad 02.08.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Kvam kommune
Juridisk rådgjevar
Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
Arbeidsoppgåver
- Juridisk rådgjeving tverrfagleg i Kvam herad
- Forhandlingar og tvisteløysing - representera kommunen i tvistesaker og rettsaker i samarbeid med øverste leiing i kommunen
- Kontraktsrådgjeving, avtaleforvaltning og sakshandsaming
- Bidra med kompetanse og leia innkjøpsprosessar etter lov om offentlege anskaffingar
- Bidra med kompetanse i kommunale utviklingsprosjekt
- Ivareta Kvam herad sine interesser som grunneigar
Kvalifikasjonar
- Master i rettsvitskap/relevant juridisk kompetanse på masternivå
- Fordel med erfaring frå offentleg sektor og offentlege anskaffingar
- Ynskjeleg med kjennskap til og forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Digital kompetanse og interesse for å utvikla bruk av digitale løysingar
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er analytisk, nøyaktig og strukturert. Du er profesjonell og har mot og evne til å gjennomføra tiltak og aktivitetar til det beste for Kvam herad. Du er god til å samarbeida og kommunisera med alle deler av organisasjonen, både skriftleg og munnleg. Du jobbar godt både sjølvstendig, i team og trivst med varierte arbeidsoppgåver. Me ser etter deg med gode samarbeidsevner, god forståing for detaljar, samtidig som du ser heilskapen i det du jobbar med. Vidare legg me vekt på at du er initiativrik og nysgjerrig, resultat- og utviklingsorientert.
I tillegg har du:
- Stå-på-vilje og gjennomføringskraft
- Evne til å jobba under tidspress og levera som avtalt
- Interesse for utvikling og bruk av IT-verktøy som forbetrar arbeidsprosessar
Vi tilbyr
Spennande, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver hos ein viktig samfunnsaktør som er i stor endring
Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø der me jobber saman for å utvikla kvarandre og Kvam herad
Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Företag
Kvam kommuneAnsökningstiden
14.08.2022Arbetsfunktion
RådgiverAnställningsform
workTime.HeltidBransch
Offentlig forvaltning¤KommuneadministrasjonUtbildningskrav
MasterArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4713489Se här för andra jobb från Kvam kommune
- Uppdaterad 02.08.2022