• Bedrift
    Kvam kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingsfunksjon
    Rådgiver
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Master
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4713489
  • Se her for andre jobber fra Kvam kommune
  • Oppdatert 02.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam kommune

Juridisk rådgjevar

Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon

Arbeidsoppgåver

  • Juridisk rådgjeving tverrfagleg i Kvam herad
  • Forhandlingar og tvisteløysing - representera kommunen i tvistesaker og rettsaker i samarbeid med øverste leiing i kommunen
  • Kontraktsrådgjeving, avtaleforvaltning og sakshandsaming
  • Bidra med kompetanse og leia innkjøpsprosessar etter lov om offentlege anskaffingar
  • Bidra med kompetanse i kommunale utviklingsprosjekt
  • Ivareta Kvam herad sine interesser som grunneigar

Kvalifikasjonar

  • Master i rettsvitskap/relevant juridisk kompetanse på masternivå
  • Fordel med erfaring frå offentleg sektor og offentlege anskaffingar
  • Ynskjeleg med kjennskap til og forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Digital kompetanse og interesse for å utvikla bruk av digitale løysingar

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er analytisk, nøyaktig og strukturert. Du er profesjonell og har mot og evne til å gjennomføra tiltak og aktivitetar til det beste for Kvam herad. Du er god til å samarbeida og kommunisera med alle deler av organisasjonen, både skriftleg og munnleg. Du jobbar godt både sjølvstendig, i team og trivst med varierte arbeidsoppgåver. Me ser etter deg med gode samarbeidsevner, god forståing for detaljar, samtidig som du ser heilskapen i det du jobbar med. Vidare legg me vekt på at du er initiativrik og nysgjerrig, resultat- og utviklingsorientert.

I tillegg har du:

  • Stå-på-vilje og gjennomføringskraft
  • Evne til å jobba under tidspress og levera som avtalt
  • Interesse for utvikling og bruk av IT-verktøy som forbetrar arbeidsprosessar

Vi tilbyr

Spennande, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver hos ein viktig samfunnsaktør som er i stor endring
Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø der me jobber saman for å utvikla kvarandre og Kvam herad
Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

 

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 


 

  • Bedrift
    Kvam kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingsfunksjon
    Rådgiver
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning¤Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Master
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4713489
  • Se her for andre jobber fra Kvam kommune
  • Oppdatert 02.08.2022