Company
Vaksdal kommuneApplication deadline
16.08.2023Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5250618Look here for other jobs from Vaksdal kommune
- Updated 19.07.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Vaksdal kommune
Jobbrettleiar NAV Vaksdal
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du energisk og uredd? Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som vil jobbe med rekruttering og inkludering? Brenn du for at flyktningar skal få bruke sin kompetanse i arbeidslivet? Då er du personen vi leitar etter.
Vaksdal kommune ynskjer å styrke den arbeidsretta oppfølginga av flyktningar og oppretter ei 2-årig prosjektstilling som jobbrettleiar. Stillinga er 100 % og ligg til NAV Vaksdal. Du skal samarbeide tett med rettleiarane på kontoret og andre aktørar innanfor inkludering av flyktningar. Hovudoppgåva er å arbeida for å hjelpa flyktningar over i arbeid, og jobben inneber tett oppfølging av arbeidsøkjarar og mykje tid ute hjå arbeidsgjevarane.
Arbeidsoppgåver
- Oppsøkje verksemder, skape dialog med arbeidsgjevarar og bygge nettverk både lokalt og regionalt
- Vera ein pådrivar for å finne gode løysingar i ordinært arbeidsliv
- Engasjera og motivera arbeidssøkjarane og saman med kvar enkelt identifisera interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner, og hjelpe med finne rett jogg og arbeidsgjevar
- Følgje opp 15-20 arbeidssøkjarar med definerte målkrav om overgang til arbeid
- Dokumentere oppfølging og arbeidsgjevarkontakt i relevante fagsystem
- Bidra med arbeidsmarknadskunnskap i samarbeidet med Vaksdal introduksjonssenter
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
- Førerkort klasse B
Det er ynskjeleg at du har
- Fullført høgare utdanning på bachelor-nivå, gjerne sosialfagleg
- God kjennskap til næringsliv i Vaksdal og omliggjande områder
- God rettleiing- og relasjonskompetanse
- Erfaring frå endrings- og motivasjonsarbeid
- Erfaring med arbeid etter Supported Employment-metodikk
- Erfaring frå arbeid i NAV, og kjennskap til relevante fagsystem
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og leiter etter deg som
- trur på at deltaking i arbeidslivet er god inkludering
- byggjer relasjonar og skaper motivasjon
- leiter etter løysingar og moglegheiter
- prioriterer, arbeider målretta og har god oversikt over oppgåver
- byggjer og vedlikeheld nettverk
Me kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø
- Utfordrande oppgåver på eit viktig samfunnsområde
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med gode kollega som er flinke til å samarbeida for å finna gode løysingar
- Lønn etter kommunalt avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Spørsmål om stillinga kan rettast til
NAV leiar Hanne Lunde, tlf 95978584 eller kommunalsjef Ann Kristin Bolstad tlf. 977 59 760
Slik søkjer du
Klikk på "søk her" og følg vidare instruksjonar.
Treng du hjelp, kan du ta kontakt med Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller HR-avdelinga tlf: 95 52 75 04
Søknadsfrist 16.august 2023
Company
Vaksdal kommuneApplication deadline
16.08.2023Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5250618Look here for other jobs from Vaksdal kommune
- Updated 19.07.2023