• Företag
    Sandnes kommune
  • Ansökningstiden
    24.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4110, FORSAND
    SANDNES
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6321704
  • Se här för andra jobb från Sandnes kommune
Ledigt jobb

Sandnes kommune

Jobb i Forsand SFO, 50% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst på ein spennande jobb på Forsand SFO? Forsand SFO har ledig 50% fast stilling. Me søker deg som trivst med barn, enten du er utan utdanning, fagarbeidar eller høgskuleutdanna. 
Forsand skule er ein 1-10 skule med 140 elevar og 34 tilsette, 3 av dei i SFO. Skulen ligg aust i Sandnes, om lag 50 minutt køyring frå Sandnes sentrum.
Skulen ligg naturskjønt til, med god boltreplass i skog, fjell og sjø. SFO-avdelinga disponerer eigne lokale med mykje utstyr og tilgong til symjehall og idrettshall. Barna skal oppleve leik og omsorg, kulturelle aktiviteter og læring - og ha godt tilsyn.
Satsingsområde på SFO er: Fysisk aktivitet og sosial kompetanse.

Kvalifikasjoner:

  • Relevant utdanning eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskeleg, men ikkje eit krav. Me tar gjerne imot deg som er høgskuleutdanna og!
  • Annan relevant kompetanse eller erfaring kan kompensere for manglande fagbrev/utdanning
  • Erfaring frå SFO/barnehage er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • Kompetanse/erfaring med barn med særskilte behov er ønskeleg
  • Erfaring med uteaktivitet
  • Krav om norskferdigheter tilsvarande B2 nivå
  • Tilfredsstillande politiattest er ei føresetnad for tilsetting. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men leverast snarast etter tilbod om tilsetting og før tiltreding
  • I denne stillinga må du levere eigenerklæring for tuberkulose før tiltreding
  • Ynskjeleg at ein er villig til å ta livredning i vatn

 

Legg ved attestar og vitnemål i søknaden (lastast inn som vedlegg i Webcruiter).


Personlige egenskaper:

  • Å vere personleg eigna vil bli vektlagt
  • Du har god relasjonskompetanse og er raus
  • Du må ha evne til å sjå rundt deg, løfte blikket og hjelpe til der det trengs
  • Du viser varme samstundes som du kan sette tydelege grenser og skape trygge rammer for barna
  • Du er strukturert, presis, pliktoppfyllande og god til å planlegge
  • Du er engasjert, tar ansvar og ønsker å bidra med din kompetanse
  • Du har godt humør og er god på samarbeid
  • Du bidrar til eit godt skule- og arbeidsmiljø
  • Du må trivast med å vere ute i all slags ver!

Vi tilbyr:

    Inkluderande kollegaer og eit godt arbeidsmiljø

    Ein spennande og aktiv kvardag

    Ein arbeidsdag der du er med og bidreg positivt for barna på Forsand SFO

    Fagleg utvikling og bidra til å forme innhaldet i SFO

    Heim-jobb-heim avtale

    Gratis symjing for alle tilsette i kommunale symjehallar

    Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

  • Företag
    Sandnes kommune
  • Ansökningstiden
    24.08.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4110, FORSAND
    SANDNES
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6321704
  • Se här för andra jobb från Sandnes kommune