• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    07.07.2020
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    2994738
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 23.06.2020
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Øygarden kommune

IPS metoderettleiar 100% mellombels Nav Øygarden

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

IPS metoderettleiar 100% mellombels stilling – varighet inntil tre år – NAV Øygarden

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

NAV Øygarden har ca 70 tilsette fordelt over tre avdelingar.  Stillinga som IPS metoderettleiar er organisert under avdeling for Ungdom og Marknad.

Øygarden Kommune har fått midlar frå Helsedirektoratet under tilskotsordninga – Implementering av arbeidsrehabiliteringsmetoden Individuell Jobbstøtte og jobbmeistrande oppfylging til å etablere eit fleirårig prosjekt. Det skal etablerast eit jobbspesialist team med tre IPS jobbspesialistar.

Målsetting med prosjektet er å etablere og utvikle metodikken  Individual Placement and Support (IPS). IPS er ein oppfylgingsmetodikk som skal legge til rette for at personar med psykiske lidingar skal få og behalda løna arbeid. Metodikken inneber at jobbspesialist og kommunehelsetenesta jobbar tett saman og drar nytte av kvarandre sitt fagfelt. Arbeidsperspektivet skal vere ein integrert del av behandlingsløpet.

Målgruppa er personar under 35 år med alvorlege/ moderate vanskar knytt til psykiatri og/eller rus. Føresetnaden er eit ønske om tilbakeføring eller hjelp til å skaffe seg ordinært arbeid

Som metoderettleiar vil du ha ansvar for et team med to IPS jobbspesialistar. Metoderettleiar skal sikre det faglege nivået i arbeidet som jobbspesialistane gjer men du vil også ha eigne kandidatar å fylgje opp.

Dersom dette er noko du kan tenke deg å vere med på , håper vi du søkjer på stillinga.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for at teamet jobbar etter IPS metodikken
  • Motivere, rettleie og støtte medarbeidarane sin faglege utvikling
  • Gjennomføre team møte en gong kvar veke
  • Resultat og rapporteringsansvar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og delingskultur
  • Sørge for god og effektiv drift
  • Følgje opp deltakarar med moderate til alvorlege psykiske lidingar, som til tross for dette er motiver for ordinært arbeid.
  • Stillinga inneber ikkje personalansvar

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Minst tre-årig høgare utdanning innan helse/sosial/pedagogikk /samfunnsfag
  • God kunnskap eller erfaring med arbeid etter IPS/SE metoden

Ønskjeleg med:

  • Leiarerfaring
  • Erfaring med arbeidsgjevarkontakt
  • Klar fordel med utdanning innan/kjennskap til metodikken Individuell jobbstøtte (SE)
  • Solid kunnskap om dagens arbeidsmarknad og marknadstrender
  • Førarkort for personbil – Klasse B
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  •  

Personlege eigenskapar:

  • Ha trua på at alle menneske, til tross for psykiske helseutfordringar, kan få og beholde løna arbeid
  • God relasjonsbyggar og evne til å skape tillit
  • Motiverande
  • Resultatorientert og fleksibel
  • Målretta
  • Strukturert

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Einingsleiar NAV Øygarden , Nina -Susanne Andersen , tlf 971 69 980 / nina.andersen@nav.no

Avdelingsleiar Kari Mette Fedje , tlf 934 23 727, kari.mette.fedje@nav.no          

 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    07.07.2020
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    2994738
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 23.06.2020