Company
UtlendingsdirektoratetApplication deadline
06.09.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
0663, OSLO
OSLO
Number of positions
1Career-kode
6685418Look here for other jobs from Utlendingsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Internkommunikasjon Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Offentlig forvaltning
Internkommunikasjon Rådgjevar/Seniorrådgjevar
Vil du vere med på å forme internkommunikasjonen i UDI?
Kommunikasjonsavdelinga i UDI har 50 medarbeidarar med ansvar for veiledningstenesta for brukarar, og for det kommunikasjonsfaglege arbeidet i UDI, mellom anna interne og eksterne nettstader, mediehandtering, arrangement, språk og profil.
Utlendingsdirektoratet (UDI) står overfor store endringar, og vi treng deg til å sikre open, tydeleg og engasjerande kommunikasjon internt. Som kommunikasjonsrådgjevar i internkommunikasjonsteamet vårt vil du spele ei sentral rolle i å skape felles forståing for verksemda sine mål, kultur og arbeidsmåtar – ikkje minst i samband med ModUlf (Modernisert utlendingsforvaltning), eit av dei største digitaliseringsprosjekta i norsk offentleg sektor.
Internkommunikasjonsteamet i Seksjon for kommunikasjon og samfunnsdialog består i dag av fem personar som arbeider strategisk og operativt med å sikre open og heilskapleg kommunikasjon internt i UDI. I tillegg vil 50 % av stillinga vere som del av eit eige kommunikasjonsteam på tre medarbeidarar i ModUlf.
Vi søkjer ein språkleg sterk medarbeidar med erfaring frå å arbeide med internkommunikasjon. Du jobber strategisk og har svært gode samarbeidsevner, og vil få ei sentral rolle i å identifisere kommunikasjonsbehov internt og sikre god kommunikasjonsflyt på alle nivå i organisasjonen og ModUlf-programmet. Du vil få ansvar for å følgje opp den kommunikasjonsfaglege sida ved konkrete satsingar i UDI, og for å arrangere UDIs årlige fagdag og årsfest, i samarbeid med andre. I tillegg til å arbeide med interne kanalar som intranett, Teams og Viva Engage, vil du også samarbeide med Presse- og samfunnskontaktteamet om publiseringar på LinkedIn.
Her får du arbeide med alt frå strategisk rådgiving og leiarstøtte til operativ innhaldsproduksjon.
Kvalifikasjoner:
- relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
- brei erfaring med internkommunikasjon, gjerne i samband med større endringsprosessar
- skrive særs godt og engasjerande på norsk og engelsk
Personlige egenskaper:
- arbeider sjølvstendig og tek initiativ
- arbeider godt i team og speler andre gode
- nysgjerrig og interessert i å forstå og lære
Vi tilbyr:
Derfor bør du velje oss:
Hos oss får du spennande og varierte oppgåver i ei verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg. Hendingar i verda påverkar jobben vår direkte, og vi er vane til å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet.
Du blir ein del av ei verksemd som satsar stort på modernisering, og vi utviklar tenestene våre for å møte endra brukar- og samfunnsbehov.
Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ei kjempegod kantine. Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass, og ikkje minst landets aller beste kollegaer (meiner vi).
I Kommunikasjon og brukerdialog er vi rundt 50 tilsette. Vi er opptekne av å byggje eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø, prega av samarbeid, humor og rausheit.
Stillinga er lønt som rådgivar/seniorrådgivar (1434/1364) i lønnsspennet 700 000 kr til 850 000 kr brutto per år, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.
Du er velkomen!
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetting eller innvandringsbakgrunn, vil vi oppfordre deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss.
Praktisk informasjon:
Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må leggje ved vitnemål når du søkjer på stillinga. Du skal laste opp vitnemålet ditt frå Vitnemålsportalen i WebCruiter. Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli utelaten frå denne lista. I så fall må du grunngi kvifor du ønskjer det. Dersom ønskjet ditt ikkje kan innvilgast, tar vi kontakt med deg på førehand.
I samarbeid med ein ekstern leverandør nyttar UDI seg av bakgrunnssjekk. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søker og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsettinga.
Company
UtlendingsdirektoratetApplication deadline
06.09.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
0663, OSLO
OSLO
Number of positions
1Career-kode
6685418Look here for other jobs from Utlendingsdirektoratet
-
Ass. nettredaktør - udi.no (vikariat)
Utlendingsdirektoratet
OSLO -
Einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden kommune
Øygarden kommune
STRAUME -
Kommunedirektør
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Avdelingsleiar fysioterapi, ergoterapi, friskliv og frivilligheit
Hemsedal Kommune
HEMSEDAL -
Pedagogisk leiar/barnehagelærar i Gol barnehage
Gol kommune
GOL