• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    06.09.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6685317
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Pedagogisk leiar/barnehagelærar i Gol barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol barnehage har ledige 2 faste stillingar som pedagogisk leiar / barnehagelærar.

Gol barnehage aukar kapasiteten, med fleire barnehagar og avdelingar frå januar 2027 og har vi behov for fleire pedagogar. Gol barnehage er ei felles overordna organisering av dei kommunale barnehagane: Breidokk, Vesterhuset, Herad og ny barnehage med seks avdelingar som opnar frå januar 2027. Sjå heimesida til Gol kommune for informasjon om kvar barnehage.

I Gol barnehage arbeider vi med ei kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjer medarbeidarar som er interesserte i å ta aktiv del i utvikling, omsorg og læring hos kvart barn og av verksemda. Barnehagane samarbeider mykje og deltek i regionalt utviklingsprosjekt om inkluderande praksis.

Pedagogisk leiar er ein del av leiargruppa i den einskilde barnehagen, og har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet anten aleine eller saman med fleire pedagogar på  si avdeling og for heile barnehagen. I tillegg skal pedagogisk leiar samarbeide med, leie og rettleie fagarbeidarar/assistentar på avdelinga aleine eller saman med anna pedagog. 

Dine kvalifikasjonar:

  • godkjent barnehagelærerutdanning eller tilsvarande relevant utdanning
  • kunne bruke digitale verktøy i både planleggingsarbeid og som eit pedagogisk verktøy
  • uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Vi ønskjer oss av deg:

  • kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson.
  • aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
  • har evner til å skape gode relasjonar med barn.
  • kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
  • er interessert i barn si utvikling og medverknad.
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
  • bidreg til eit raust arbeidsklima.
  • profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre.
  • er aktiv deltakande i barnehagen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og vere pådrivar i nye utviklingsprosjekt 
  • er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar

Vi kan tilby:

  • profesjonelt og utviklingsorientert læringsfellesskap og eit godt arbeidsmiljø
  • tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk 
  • løn etter utdanning og praksis
  • rettleiingsgruppe for nye pedagogiske leiarar/barnehagelærarar
  • stillingsbeskriving
  • gratis trening

Anna:

  • Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane, og menn blir oppfordra til å søkje
  • det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personleg eignaheit og evne til samarbeid
  • dei som blir tilsette, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar  
  • aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attestar

Send søknad:

  • vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først)
  • godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse
  • alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden

Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no

Kontaktperson

Christine B. Ravnanger, Avdelingsleiar Gol barnehage

Tlf.: 934 81 831, Mail: christine.ravnanger@gol.kommune.no

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    06.09.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6685317
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune