• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    30.01.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4323480
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 12.01.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Inspektør byggetilsyn

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig ei 80 % stilling som inspektør knytt til byggestilsynet, og lyser derfor ut etter ein medarbeidar med byggteknisk, juridisk eller anna relevant kompetanse for å fylle denne stillinga. Denne stillinga er ei av to inspektørstillingar som dekker byggetilsyn for seks ulike kommunar. Det kan bli aktuelt å utvide stillinga til 100% ved andre tillagte oppgåver frå selskapet.

 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har i dag 12 heiltidstilsette (av desse er 5 feiarstillingar) og om lag 100 deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar og depot.

Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 196 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 9100 fyringsanlegg.

Eigarkommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova lagt til selskapet. Det er i tillegg oppretta ekstern avtale om å utføre byggetilsyn i Høyanger, Lærdal og Årdal.

 

Venta arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre byggetilsyn i samsvar med plan- og bygningslova og forskrifter, i nært samarbeid med byggesaksavdelingane i kommunane.
  • Årleg rapportering av tilsynsverksemda i samråd med kommunane. 
  • Delta i møter med eigarkommunane og kommunane vi har avtale med etter behov.

 

Andre oppgåver som kan vere aktuelle

  • Førebyggande oppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova og forskrift om brannforebygging.

 

Kva treng du av kvalifikasjonar

  • Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning som  jus/rettsvitskap/arealplanlegging eller tilsvarande.  
  • Minimum førarkort kl. B.
  • Lang relevant praksis med tilhøyrande fagbrev/fagskule og erfaring frå m.a. offentleg sakshandsaming vil kunne bli vurdert.

 

Ved ev. tilsetting av søkjer som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.

 

I tillegg vil det bli lagt vekt på

  • Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av IT-verktøy.
  • Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner.
  • Personlig skikka, engasjert og interessert.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både publikum/brukarar og medarbeidarar.
  • Relevant praksis.

 

Vi tilbyr:

Du kan vente deg meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    30.01.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4323480
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 12.01.2022