Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.01.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4323480Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 12.01.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Inspektør byggetilsyn
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig ei 80 % stilling som inspektør knytt til byggestilsynet, og lyser derfor ut etter ein medarbeidar med byggteknisk, juridisk eller anna relevant kompetanse for å fylle denne stillinga. Denne stillinga er ei av to inspektørstillingar som dekker byggetilsyn for seks ulike kommunar. Det kan bli aktuelt å utvide stillinga til 100% ved andre tillagte oppgåver frå selskapet.
Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har i dag 12 heiltidstilsette (av desse er 5 feiarstillingar) og om lag 100 deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar og depot.
Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 196 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 9100 fyringsanlegg.
Eigarkommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova lagt til selskapet. Det er i tillegg oppretta ekstern avtale om å utføre byggetilsyn i Høyanger, Lærdal og Årdal.
Venta arbeidsoppgåver
- Gjennomføre byggetilsyn i samsvar med plan- og bygningslova og forskrifter, i nært samarbeid med byggesaksavdelingane i kommunane.
- Årleg rapportering av tilsynsverksemda i samråd med kommunane.
- Delta i møter med eigarkommunane og kommunane vi har avtale med etter behov.
Andre oppgåver som kan vere aktuelle
- Førebyggande oppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova og forskrift om brannforebygging.
Kva treng du av kvalifikasjonar
- Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning som jus/rettsvitskap/arealplanlegging eller tilsvarande.
- Minimum førarkort kl. B.
- Lang relevant praksis med tilhøyrande fagbrev/fagskule og erfaring frå m.a. offentleg sakshandsaming vil kunne bli vurdert.
Ved ev. tilsetting av søkjer som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.
I tillegg vil det bli lagt vekt på
- Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av IT-verktøy.
- Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner.
- Personlig skikka, engasjert og interessert.
- Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både publikum/brukarar og medarbeidarar.
- Relevant praksis.
Vi tilbyr:
Du kan vente deg meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.01.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4323480Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 12.01.2022