Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
01.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Tomrefjord
VESTNES
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6592701Se här för andra jobb från Vestnes kommune
Vestnes kommune
Inntil 2 x 100 % vikar undervisningsstilling - Tomrefjord skule
Offentlig forvaltning
Stillingstype
Tomrefjord skule har ledig vikariat inntil 2 x100 % undervisningsstilling frå 01.08.2026 – 31.12.2026, med moglegheit for forlenging ut skuleåret. Stillingan kan vere knytt til undervisning både på barnesteget og ungdomssteget. Det kan vere aktuelt med kontaktlærarfunksjon. Kontaktlærartillegget er f.t. 40.000kr.
Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved skulen på grunn av endringar i personalsituasjonen. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
- Følgjande fag er av særleg interesse: matematikk, naturfag og kunst & handverk
- Andre fag kan og vere aktuelt.
- Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse innan tilpassa opplæring, spesialundervisning eller begynneropplæring.
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning.
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- Tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
01.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Tomrefjord
VESTNES
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6592701Se här för andra jobb från Vestnes kommune
-
Vikariat matematikklærar
Vestnes kommune
VESTNES -
80% engasjement - miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO
Vestnes kommune
VESTNES -
80% fast stilling som miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO
Vestnes kommune
VESTNES -
Språkassistent - 60 % engasjement - Skuleåret 2026-2027
Vestnes kommune
VESTNES -
Kombinert språkassistent og undervisningsstilling- 60 % engasjement - Skuleåret 2026-2027
Vestnes kommune
TOMREFJORD