Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
01.08.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3983386Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 15.07.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Inntil 100 % vikariat som sjukepleiar ved legetenesta
Offentlig forvaltning
Er du serviceinnstilt og trivs med ein travel kvardag? Har du erfaring frå laboratoriearbeid og akuttmedisin?
Me søkjer deg som kan ta i eit tak når det er nødvendig, og beheld roen når det skjer mange ting på ein gong.
Ved avdeling legetenester / øvre Hallingdal legevakt / Hallingdal legevaktsentral er det ledig inntil 100 % vikariat som sjukepleiar i 3-delt turnus. Vikariatet er for perioden 01.09.21 – 28.02.22, med mogelegheit for vidareføring.
Me kan tilby eit solid fagmiljø ved avdeling Legetenester, som er lokalisert i same bygnad som Hallingdal Sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål Helsesenter. Det er nye vel utstyrte lokalar som er godt tilrettelagt med eige laboratorie/undersøkingsrom og eigne lokalar for legevakt. Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunen Hol, og felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.
Arbeidsoppgåver
- handtere førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester i Ål kommune, som treng medisinsk hjelp
- samhandle og assistere med legevaktslege for å sikre trygge pasientforløp.
- prøvetaking og analysering
- gje relevant råd og rettleiing til pasientar
- medikamenthandtering
- bidra til å utføre relevante driftsoppgaver
- bemanne teststasjon for covid 19 ved Ål Legekontor
- smittesporing ved utbrot av smitte i kommunen
Tilsette ved legevakta har ansvar for Hallingdal Legevaktsentral og alle førespurnader på 116117 i Hallingdal, og er medhjelpar til lege ved behov for assistanse.
Kvalifikasjonar
- bachelor i sjukepleie eller paramedic
- gode norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt
- sertifikat kl B
Personlege eigenskapar
- du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert, samt evne å ta raske beslutningar
- du bør takle eit høgt arbeidstempo og periodevis et høyt stress nivå
- du må vere samarbeidsvillig, fleksibel og takle omstilling
- Personlege eigenskapar blir tillagt vekt
Personlege eigenskapar blir tillagt vekt.
Me tilbyr
- årsturnus
- fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dager er like
- høgt fagleg nivå og god fagdekking
- høve til fagleg og personleg utvikling
- internundervisning og faglig påfyll
- full barnehagedekning i kommunen
- hjelp til å skaffe bustad
- lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
- pensjonsordning i KLP
Politiattest
I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken "Ledige stillingar".
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
01.08.2021Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3983386Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 15.07.2021