• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3983386
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 15.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Inntil 100 % vikariat som sjukepleiar ved legetenesta

Offentlig forvaltning

Er du serviceinnstilt og trivs med ein travel kvardag? Har du erfaring frå laboratoriearbeid og akuttmedisin? 

Me søkjer deg som kan ta i eit tak når det er nødvendig, og beheld roen når det skjer mange ting på ein gong. 

Ved avdeling legetenester / øvre Hallingdal legevakt / Hallingdal legevaktsentral er det ledig inntil 100 % vikariat som sjukepleiar i 3-delt turnus. Vikariatet er for perioden 01.09.21 – 28.02.22, med mogelegheit for vidareføring. 

Me kan tilby eit solid fagmiljø ved avdeling Legetenester, som er lokalisert i same bygnad som Hallingdal Sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål Helsesenter. Det er nye vel utstyrte lokalar som er godt tilrettelagt med eige laboratorie/undersøkingsrom og eigne lokalar for legevakt. Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunen Hol, og felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.

 Arbeidsoppgåver

  • handtere førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester i Ål kommune, som treng medisinsk hjelp
  • samhandle og assistere med legevaktslege for å sikre trygge pasientforløp.
  • prøvetaking og analysering
  • gje relevant råd og rettleiing til pasientar
  • medikamenthandtering
  • bidra til å utføre relevante driftsoppgaver
  • bemanne teststasjon for covid 19 ved Ål Legekontor
  • smittesporing ved utbrot av smitte i kommunen

Tilsette ved legevakta har ansvar for Hallingdal Legevaktsentral og alle førespurnader på 116117 i Hallingdal, og er medhjelpar til lege ved behov for assistanse.

 Kvalifikasjonar

  • bachelor i sjukepleie eller paramedic
  • gode norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt
  • sertifikat kl B

 Personlege eigenskapar

  • du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert, samt evne å ta raske beslutningar
  • du bør takle eit høgt arbeidstempo og periodevis et høyt stress nivå
  • du må vere samarbeidsvillig, fleksibel og takle omstilling
  • Personlege eigenskapar blir tillagt vekt

Personlege eigenskapar blir tillagt vekt.

 Me tilbyr

  • årsturnus
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dager er like
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • internundervisning og faglig påfyll
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg
  • pensjonsordning i KLP

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Send søknad

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken "Ledige stillingar". 

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3983386
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 15.07.2021