Company
Alver kommuneApplication deadline
23.05.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4607649Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 06.05.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Innkjøpssjef 100%
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Alver kommune søkjer ein strategisk og utviklingsorientert medarbeidar til å utvikle innkjøpsområdet. Kommunen gjennomfører innkjøp for mange hundre millionar i året, og innkjøpssjefen har hovudansvaret for å iverksette nyleg vedteken innkjøpsstrategi og å utvikle system og rutinar for å profesjonalisere arbeidet med anskaffingar og innkjøp. Som innkjøpssjef vil du være et viktig bindeledd mellom leiargruppa og politisk leiing og ha ei sentral rolle i utviklinga av Alver kommune. Innkjøpssjefen rapporterer til assisterande kommunedirektør.
Ansvar og oppgåver
• Leie og utvikle innkjøpsområdet i Alver kommune
• Delta i innkjøpsfaglege nettverk/samarbeid med Bergen kommune
• Bidra gjennom støtte og gode prosessar til at kommunen når sine strategiske mål
• Utvikle og implementere strategiar, system, verktøy og rutinar som sikrar tenlege innkjøpsprosessar og rutinar
• Handtere regelverk for offentlege anskaffingar
• Være ein pådrivar innan standardiserings- og forbetringsarbeid
• Planleggje og gjennomføre konkrete anbods- og innkjøpsprosessar
• Budsjett- og økonomiansvar
Kvalifikasjonar
• Høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule
• Erfaring og kunnskap om offentlege anskaffingar
• God forståing for offentleg sektor og samspelet mellom politisk og administrativt nivå
• Evne til å jobbe strategisk og operasjonelt
• Systematisk og målretta arbeidsstil med evne til å skape resultater
• Evne til å gjennomføre endringar og forbetringar
Personlege eigenskapar
• Du kommuniserer på ein god og tillitvekkande måte – både munnleg og skriftleg
• Du er tydeleg og strukturert
• Du er utviklings- og resultatorientert
• Du er open og involverande, og er ein god relasjonsbyggjar
• Du har evne til ta avgjerder for å sikre god gjennomføring
• Du har god rolleforståing
Vi tilbyr:
Konkurransedyktig lønn
Fleksibel arbeidstid
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Company
Alver kommuneApplication deadline
23.05.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4607649Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 06.05.2022