Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Øygarden kommune

Innkjøpsrådgjevar, 2 x100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønskjer du å arbeide med offentlege anskaffingar i eit tverrfagleg miljø i ein stor organisasjon?

Øygarden kommune styrkar si innkjøpsavdeling og søkjer no etter 2 innkjøpsrådgjevarar.

Stillingane byr på varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med hovudfokus på gjennomføring av anskaffingar og kontraktsrådgjeving.

Ein av dei som vert tilsett skal hovudsakleg arbeide med anskaffingar innan bygg og anlegg, og vil samarbeide tett med utbyggjing i kommunen.

Den andre skal arbeide med anskaffingar meir breidt opp mot alle einingane i kommunen. 

Innkjøp skal, gjennom gode og effektive anskaffingsprosessar og god kontraktsoppfølging, leggje til rette for at fellesskapets midlar utnyttast på best mogleg måte. Eininga er lokalisert på rådhuset på Straume og ligg til kommunalsjefområdet finans og økonomi.

Arbeidsoppgåver:
  • Koordinera, gjennomføra og kvalitetssikra offentlege anbods- og innkjøpsprosessar
  • Rettleiing og rådgjeving knytt til regelverket for offentlege anskaffingar
  • Rådgjeving knytt til kontrakt og avtaleforvaltning
  • Lage rutinar og rettleiarar
  • Klage- og innsynshandtering
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Utdanning på minimum bachelornivå, innan relevant fagområde. Ved lang og relevant erfaring med offentlege anskaffingar kan dette kravet fråvikast.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå større og komplekse anskaffingar og gjerne innan bygg – og anlegg
  • God kjennskap til relevante NS-kontraktar
  • Erfaring med kontraktsoppfølging
Personlege eigenskapar:
  • Løysingsorientert, strukturert og effektiv.
  • Evnar å jobbe godt både sjølvstendig og i tverrfaglege grupper
  • Kommuniserer godt både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Skriv i søknadsteksten kva for ei stilling du søkjer på!

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.