Company
Hemsedal KommuneApplication deadline
18.09.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3560, HEMSEDAL
HEMSEDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5327928Look here for other jobs from Hemsedal Kommune
- Updated 26.08.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Hemsedal Kommune
Innkjøpsansvarleg, eigedomsskatt og økonomi
Offentlig forvaltning
Hemsedal er ei kommune i vekst, og det er høg aktivitet med store investeringsprosjekt under utvikling. Til nyoppretta 100 % stilling på økonomikontoret søkjer vi no innkjøpsansvarleg.
Me ønskjer oss ein fleksibel og lærevillig person som i tillegg til å ha eit overordna fagleg og koordinerande ansvar for innkjøp, kan ta ansvar for ulike oppgåver innan eigedomsskatt, økonomisk verksemdsstyring og internkontroll. Gode utviklingsmoglegheiter for rett person.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide, iverksette og følgje opp innkjøpsstrategi og -reglement, og sikre at kommunen til ein kvar tid tilfredsstiller krav og retningslinjer for offentlege anskaffingar
- Utvikle klima- og miljøkrav i innkjøpsprosessane som bidrar til berekraftige anskaffingar
- Følgje opp rammeavtalar, andre innkjøpsavtaler og ulike innkjøpssamarbeid
- Utføre sidemannskontroll, vurderingar og gjennomføringar av anbodskonkurransar og innkjøpsprosessar i verksemdene ved behov
- Vidareutvikle bruk av e-handelsløysingar, og sørge for at kommunen har effektive, digitale og transparente innkjøpsprosessar i alle ledd
- Vere ein bærande ressurs for eigedomsskattekontoret, med ansvar for oppretting av nye skatteeigedomar, synfaring og verdifastsetting, saksbehandling og utskriving
- Vidareutvikle kommunens økonomiske verksemdsstyring og internkontroll, og bidra i arbeidet med å implementere nye verktøy, rapportar, rutinar og retningslinjer
- Holde seg oppdatert på og innarbeide endringar knytt til lovverk, samt bidra med opplæring og oppfølging av tilsette ute i einingane
- Andre relevante oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Høgare utdanning innan relevante fag
- Digital kompetanse og interesse for bruk av ulike IKT-verktøy
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er en fordel om du har:
- Erfaring frå kommunal sektor
- Erfaring med Visma Enterprise og Komtek
- Kunnskap om eigedomsskatt
- Skriftleg framstillingsevne på nynorsk (administrasjonsspråket er nøytralt, men kommunen nyttar nynorsk i overordna plandokument)
- Sertifisering for offentlege anskaffingar eller dokumentert liknande kompetanse
Personlege eigenskapar
I tillegg til å vere fagleg sterk, fleksibel og lærevillig, må du vere ein sjølvstendig, strukturert og engasjert person som kan bidra positivt i organisasjonen.
Vi tilbyr:
Du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø, med kollegaer som har med seg hjartet på jobben og smil om munnen. Du vil òg ta del i nettverk og samarbeid med dei andre Hallingdals-kommunane. Arbeidstida er fleksibel og det er mogeleg å trene i arbeidstida. Opplæring, kurs og vidareutdanning innan fagområda etter ønskje og behov. Hemsedal kommunen har gode pensjons- og forsikringsordning. Løn etter avtale og kvalifikasjonar.
Elektronisk søknadsprosess
Søknad sendes elektronisk, og vitnemål og attestar skal lastas opp som ein del av søknaden. Referansar vil bli innhenta. Søkjarlista er offentleg.
Kontaktperson
Mari Espelin, Økonomisjef, tlf: 31 40 88 07, epost: mari.espelin@hemsedal.kommune.no
Company
Hemsedal KommuneApplication deadline
18.09.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3560, HEMSEDAL
HEMSEDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5327928Look here for other jobs from Hemsedal Kommune
- Updated 26.08.2023