• Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Bedriftstype
    Offentlig
  • Organisasjonsnummer
    964952701
  • Nettside
    Hemsedal Kommune

Adresse


Hemsedalsvegen 2889
3560  HEMSEDAL

Hemsedal Kommune

Velkommen til Hemsedal

Kvart einaste år flytter ein del menneske frå andre delar av landet, og frå utlandet til Hemsedal. Mange vert engasjerte og glade i den bygda dei buset seg i. Dei deltek aktivt i næringslivet, i frivillige organisasjonar og i det politiske arbeidet. Andre finn det kanskje meir vanskeleg. Ein viktig føresetnad for Hemsedal som samfunn, er at vi legg til rette for folk som bur og flytter hit, slik at dei vil trivast og bli verande.

Hemsedal satsar på eit godt tenestetilbod for alle innbyggjarane, uansett alder og bustad. Folkehelse er eit satsingsområde i Hemsedal, og her er eit godt utbygd trenings- og aktivitetstilbod.

Hemsedal er eit eldorado for deg som er interessert i friluftsliv!
Her er eit godt utbygd turstignett, merka til 20 toppar. Elva Hemsila som renn gjennom bygda har gode forhold for flugefiske. Fiskekort gjev deg tilgang til dei mange fjellvatna i kommunen.

Vinterstid kan du gå på ski i milevis med preparerte skiløyper, eller nyte høgfjellskiløping i urørt natur. Dei to skianlegga stiller med topp alpinforhold heile vinteren.

Hemsedal har eit rikt kulturliv, med omlag seksti frivillige lag- og organisasjonar. Mange aktive einskildpersonar er med og skaper mangfald i kulturtilbodet. Kommunen ser det som viktig å ta vare på alle eldsjelene bygda har. Dette gjer vi gjennom å gje dei gode vilkår- ikkje minst gjennom økonomisk støtte i form av gratis hus og tilskotsordningar.

Størstedelen av innandørsaktiviteten føregår i Trøimshallen. I sommarsesongen er det stor aktivitet på kunstgrasbana, og Hemsedal stiller med mange forballag i dei aldersbestemte klassane. Gravset og Hemsedal skisenter er samlingspunkt for mykje av skiaktiviteten.

I Hemsedal meiner me at me har mykje å tilby, men sjølvsagt tek me gjerne imot innspel til nye tiltak og ting som kan gjerast på andre måter. Ta gjerne kontakt med kommunen for ein hyggeleg prat. Alle ynskje kan me ikkje innfri, men me vil gjere vårt beste for å finne løysingar.

Visjon - Ta vare på Hemsedal - vekst og utvikling bygd på natur, kultur og livskvalitet

Ledige jobber

Kompetansebehov i bedriften

Effektiv rekruttering på 1-2-3
  • Attraktiv bedriftsprofilering
  • Målrettet jobbannonse
  • Ta godt imot kandidaten
Les mer på Karriere for bedrifter Legg ut jobbannonse