• Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    26.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6504298
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
Ledigt jobb

Hå kommune

Innbyggarveileder

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Hå kommune har ledig stilling som innbyggarveileder i innbyggarservice. Du må lika folk, vera effektiv og trygg på digitale løysingar, og ha lyst til å gjera kommunen vår endå betre for dei som bur her.

Dette er ei fast 90 prosent stilling.

Kva du skal gjera:
• Behandla saker som gjeld konsesjon, parkeringskort og skjenkeløyve, og hjelpa folk med søknader, kart og nabolister m.m.
• Bruka og utvikla digitale løysingar som gjer kvardagen enklare for innbyggarane.
• Snakka med og rettleia folk, og skriva klart og godt.
• Bidra til at Hå blir ein endå meir open og driftig servicekommune.

Kven du er:
• Du har relevant høgare utdanning, gjerne på bachelornivå.
• Du likar å hjelpa – og du gjer det med eit smil.
• Du er god på digitale verktøy, og har arbeidd med verktøya M365 og WebSak.
• Du er strukturert, sjølvstendig, held hovudet kaldt, og får ting gjort i ein hektisk kvardag.
• Du har erfaring frå behandling av parkeringskort, skjenke- og konsesjonssaker frå servicetorg/innbyggarservice.
• Du er god til å formidla på norsk – både munnleg og skriftleg.
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Kvifor du vil jobba her:
Du får vera med på å gjera ein forskjell – kvar dag. Du får kollegaer som bryr seg, og ein arbeidsplass midt i hjarta av kommunen. Og du får vera med og forma korleis innbyggarservicen i Hå skal vera framover.

Løn og oppstart etter avtale.

Har du spørsmål?
Ring kommunikasjonssjef Hilde Eidsaa Bjorland på 99 70 18 02 eller send e-post til hibj@ha.kommune.no.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    26.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6504298
  • Se här för andra jobb från Hå kommune