Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
24.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6061956Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Ingeniør veg 2*100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du ta del i arbeidet med å forvalte og utvikle det kommunale vegnettet som bind Øygarden kommune saman? Vi søkjer nye vegingeniørar for Øygarden kommune. Vi leiter etter deg som kan forvalte tenesteområde, bidra til utvikling, nytenking og saman med dei tilsette utvikle avdelinga vidare.
Om eininga:Det kommunale vegnettet består av 220 km veg, gang- og sykkelveg, fortau, kaiar og bruer. Vegforvaltning har ansvar for kommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Dette inneberer varierte oppgåver knytt til handsaming av dispensasjonar frå byggjegrenser, avkøyrsler, graveløyve og skilt- og oppmerkingsplanar. Innspel til reguleringsplanar for å sikre gode kommunale vegar er ei viktig oppgåve. Avdelinga utfører også driftsoppgåver som grøfting, feiing, kantslått mm. Vintervedlikehald vert primært utført av underleverandørar. Større prosjekt vert utført av kommunens utbyggingsavdeling, like fullt i tett samarbeid med vegforvaltning. Kommunens transporttenester ligg også til vegforvaltning, men er eiga ansvarsområde.
Vegforvatning inngår saman med 4 andre einingar (Eigedomsutvikling, Utbygging, Byggforvaltning og Reinhald), som rapporterer til eigedomssjef. Vegforvalting består i dag av leiar, 3 forvaltarar, 4 på drift og budsjett på omlag 30 MNOK.
Arbeidsoppgåver:- Planlegging/samarbeid/oppfølging i samsvar med trafikksikringsplan og trafikksikringsprosjekt.
- Rehabilitering av kommunale vegar
- Publikumskontakt med oppfølging kartforretningar: Oppfølging i samband med nabovarsel, godkjenning av avkøyrsler, dispensasjonar frå føresegner om byggegrenser med meir.
- Forvaltnings- og kontrollarbeid i samband med skilting og overtaking av anlegg i regulerte område
- Teljingar og fartsregistreringar i samband med vedlikehalds- og trafikksikringsprosjekt
- Administrativt arbeid omkring sikring og opprusting/større reparasjonar av kommunale kaiar
Må ha:
- Bachelorutdanning eller teknisk fagskule innan relevant fagområde
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Må ha førarkort klasse B.
- God IKT kompetanse
- Ønskjeleg med erfaring med saksbehandlingssystem
- Ønskjeleg med erfaring frå mindre vegprosjekt
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Fordel med vegfagleg kompetanse
- Initiativtakar
- Serviceinnstilt og god samarbeidsevne
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og med stor arbeidskapasitet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Jarle Kvalvik, eigedomssjef
jarle.kvalvik@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
24.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6061956Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
2 ledige stillingar som vernepleiar/sjukepleiar
Øygarden kommune
Kolltveit -
Sjukepleiar, Straume bu og servicesenter, 60% fast natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Er du vår nye vikar?
Øygarden kommune
STRAUME -
Kunne du tenke deg å bli prosjektleiar?
Øygarden kommune
STRAUME -
Lærar 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME