• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    07.02.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3393449
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 22.01.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

IKT seniorrådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Arbeidsoppgåver

  • vere med å utvikle Sogndal kommune til ein digital kommune med oppdaterte digitale og effektiviserande løysingar
  • driftsoppgåver innanfor IKT
  • delta og leie digitaliseringsprosjekt
  • strategisk arbeid og praktisk oppfølging av tekniske løysingar som medverkar til effektiv innbyggjarinvolvering og brukarmedverknad

Formalkompetanse:

  • relevant utdanning frå høgskule/universitet. Lengre relevant praksis kan erstatte formell utdanning.

Realkompetanse:

  • lang erfaring frå og med ikt utvikling og drift.
  • kompetanse og erfaring med Active Directory, og Microsoft-plattform
  • kompetanse og erfaring med Microsoft 365, og innføring/opplæring i organisasjonen
  • erfaring med prosjektleiing.
  • god formidlingsevne, både skriftleg og munnleg på norsk
  • fagleg oppdatert,

Personlege eigenskapar:

  • evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibel og dynamisk
  • er positiv og engasjert
  • gode samarbeidseigenskapar
  • løysingsorientert
  • analytisk, effektiv, ryddig og nøyaktig

Vi kan tilby

  • 100 % fast stilling med oppstart etter avtale
  • ein variert kvardag med spanande oppgåver
  • ein lærerik arbeidsplass som fokuserer på at framtida er digital
  • eit godt arbeidsmiljø med godt samhald
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode velferdsordningar
  • fleksible arbeidstidsordningar
  • løn etter avtale

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning. 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    07.02.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3393449
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 22.01.2021