• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    10.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4829347
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 01.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Idrettspedagog, pedagog, aktivitør, ergo/fysioterapeut

Offentlig forvaltning

Ønskjer du ein jobb med meining og moglegheit til å gjere ein forskjell i andre sine liv? Då vil me ha deg med på laget! Er du idrettspedagog, aktivitør, pedagog, fysio- eller ergoterapeut – med lyst til å prøve deg i eit nytt fagfelt? Då vil du, med din fagkunnskap, kunne bidra til å gje dei beste tenesta til våre brukarar. Og det har dei fortent!

Kva er din ideelle arbeidstid? Vil du jobbe 70% eller 100%? Vil du ha ein mindre stilling og moglegheit til å ta ekstravakter når det passar deg? Kanskje er ein to-delt turnus eller natt-turnus noko for deg? Eller ein turnus med inntil 12 timars vakter? Me prøver å leggje til rette for det du ønskjer.  

Har du ikkje erfaring frå miljøterapi frå før, så legg me til rette for ein trygg oppstart med god opplæring og ein kompetent fadder. Hjå oss får du moglegheit for fagleg og personleg utvikling, og internundervisning og fagleg påfyll undervegs.

Arbeidsoppgåver

  • bistå brukarene i gjennomføring av dagleglivets gjeremål og aktivitetstilbod
  • arbeide med å tilrettelegge tiltak og utvikle ferdigheiter, samt opprettholdelse av allerede erverva ferdigheiter hjå brukarane
  • legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • idrettspedagog eller anna pedagogisk utdanning 
  • aktivitør
  • fysio- eller ergoterapeut
  • andre med relvant høgskuleutdanning er velkomen til å søkje
  • andre med realkomptanse og relvant arbeidserfaring kan bli vurdert
  • ønskjeleg med vidareutdanning og relevant arbeidserfaring
  • førarkort klasse B.
  • gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar 

Det som kjennerteikner deg er at du:

  • har brukarfokus, er fagleg engasjert og oppdatert
  • er bevisst på dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, likar å jobbe i team så vel som sjølvstendig
  • er fleksibel og løysingsorientert, og har god evne til omstilling
  • kan vere i fysisk aktivitet
  • har evne til å kunne handtere uforutsette hendingar, og stå i og tåle krevjande arbeidssituasjonar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • dagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • stilling i turnus (forhandlingsturnus) og dagarbeidstilling
  • det kan leggast til rette for turnus med inntil 12 timars vakter
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • internundervisning og faglig påfyll
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad

 Lønsvilkår

  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
  • pensjonsordning i KLP
  • rekruttere og behaldetillegg 

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

 

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    10.11.2022
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4829347
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 01.11.2022