• Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    01.11.2023
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5396176
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 11.10.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Hå kommune

Idrettskonsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Hå kommune har ledig eit 100 % vikariat som idrettskonsulent frå 1.1.2024 til 31.12. 2024.

I kommunen er det mange veldrivne organisasjonar, idrettsanlegg og kulturbygg. Frivillige lag og organisasjonar knytt til bygga har meir enn 10.000 medlemmar. Det vert lagt ned om lag 160 årsverk i dugnad. Bygga og anlegga er eigde av organisasjonane.

Me søkjer ein sjølvstendig medarbeidar, med god kunnskap om idrett og organisasjonsliv. Du bør ha høgare utdanning og kjennskap til offentleg forvaltning, sakshandsaming og økonomistyring.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for oppgåver knytt til idrettsanlegg og kulturbygg, friluftsliv og folkehelse, og vera kommunen sin kontaktperson for frivillige lag og organisasjonar.
  • Forvalte kommunale støtteordningar til idrett, kulturbygg, frivillige lag og organisasjonar; inkludert kommunal sakshandsaming av søknadar om spelemidlar.
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid med idrettsråd og kontaktutvalet for kulturbygg og -anlegg.
  • Ta del i internt- og tverrkommunalt samarbeid og samhandling med andre overordna myndigheiter.
  • Rettleie frivillige lag og organisasjonar.
  • Sakshansaming og planarbeid.

Løn etter avtale.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

 

  • Company
    Hå kommune
  • Application deadline
    01.11.2023
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    4360, VARHAUG

    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5396176
  • Look here for other jobs from Hå kommune
  • Updated 11.10.2023