Company
Øygarden kommuneApplication deadline
10.04.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5073556Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 16.03.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
HR-rådgjevar 100% fast, HR og kompetanse
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye HR- rådgjevar?
Vi jaktar på deg som er lagspelar. Vi jaktar på deg som vil jobbe med å forbetre HR-prosessane våre og er nysgjerrig på nye digitale moglegheiter.
Våre verdiar: Stolt- På lag- Modig- Med glød
Om arbeidsgjevar:
Sjå film om Øygarden: Øygarden – eit fyrtårn i vest (Norsk tekst) - YouTube
HR og kompetanse har overordna ansvar for utvikling av arbeidsgjevarstrategi og overordna kompetanseutvikling i kommunen m.m. Vi skal vere pådriver for god personal- og organisasjonsutvikling.
Ein av våre viktigaste oppgåver er å gi støtte og rådgjeving til dei andre tenesteområda i kommunen. Vi skal vere pådriver for samordning og samhandling på tvers av teneste - og forvaltningsnivå.
Vi har ansvar for å utarbeide og implementere overordna styrande dokument og sørge for at dette vert etterlevd i organisasjonen.
Vi er opptatt av at vi jobbar som eit lag og at alle skal ha arbeidsoppgåver som treff godt når det gjeld kompetanse. Samstundes trur vi på at utvikling skjer når vi utfordrar kvarandre på nye oppgåver.
Arbeidsoppgåver:
- Organisasjonsutvikling (m.a. arbeidsgjevarstrategi, medarbeiderundersøkingar, forbetringskultur)
- Kompetanseutvikling
- Rekruttering
- Overordna sjukefråværsarbeid
- Leiarutvikling
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Relevant utdanning på høgskule- eller masternivå (fortrinnsvis med fag innan HR, leiing, jus, organisasjonsutvikling, strategi). Solid og relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formalkompetanse
- Minimum fem års dokumentert erfaring frå HR- arbeid
Ønskjeleg med:
- Erfaring med ansvar for prosessar som sikrar involvering og medverknad
- Erfaring med å lage presentasjonar og gjennomføre opplæring
Personlege eigenskapar:
- Du er opptatt av å byggje og styrke relasjonar
- Sjølvstendig
- Analytisk
- Fagleg nysgjerrig
- Modig
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Kaja C. Pedersen, Einingsleiar HR og kompetanse, tlf 976 54 945
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
10.04.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5073556Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 16.03.2023