• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5073556
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 16.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

HR-rådgjevar 100% fast, HR og kompetanse

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye HR- rådgjevar?

Vi jaktar på deg som er lagspelar. Vi jaktar på deg som vil jobbe med å forbetre HR-prosessane våre og er nysgjerrig på nye digitale moglegheiter.

Våre verdiar: Stolt- På lag- Modig- Med glød

 

Om arbeidsgjevar:

Sjå film om Øygarden: Øygarden – eit fyrtårn i vest (Norsk tekst) - YouTube

HR og kompetanse har overordna ansvar for utvikling av arbeidsgjevarstrategi og overordna kompetanseutvikling i kommunen m.m. Vi skal vere pådriver for god personal- og organisasjonsutvikling.

Ein av våre viktigaste oppgåver er å gi støtte og rådgjeving til dei andre tenesteområda i kommunen. Vi skal vere pådriver for samordning og samhandling på tvers av teneste - og forvaltningsnivå. 

Vi har ansvar for å utarbeide og implementere overordna styrande dokument og sørge for at dette vert etterlevd i organisasjonen.

Vi er opptatt av at vi jobbar som eit lag og at alle skal ha arbeidsoppgåver som treff godt når det gjeld kompetanse. Samstundes trur vi på at utvikling skjer når vi utfordrar kvarandre på nye oppgåver.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Organisasjonsutvikling (m.a. arbeidsgjevarstrategi, medarbeiderundersøkingar, forbetringskultur)
  • Kompetanseutvikling
  • Rekruttering
  • Overordna sjukefråværsarbeid
  • Leiarutvikling

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Relevant utdanning på høgskule- eller masternivå (fortrinnsvis med fag innan HR, leiing, jus, organisasjonsutvikling, strategi). Solid og relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formalkompetanse
  • Minimum fem års dokumentert erfaring frå HR- arbeid

Ønskjeleg med:

  • Erfaring med ansvar for prosessar som sikrar involvering og medverknad
  • Erfaring med å lage presentasjonar og gjennomføre opplæring

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er opptatt av å byggje og styrke relasjonar
  • Sjølvstendig
  • Analytisk
  • Fagleg nysgjerrig
  • Modig

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Kaja C. Pedersen, Einingsleiar HR og kompetanse, tlf 976 54 945

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5073556
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 16.03.2023