Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
31.07.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6658097Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Helsesjukepleiar ved Gol Helsestasjon – 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Gol kommune består av eit tverrfagleg og kompetent team som dekkjer helsestasjon 0–5 år, skulehelseteneste på barne- og ungdomstrinnet, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og Helsestasjon for Ungdom (HFU).
Vi arbeider helsefremjande og førebyggjande med mål om å sikre tryggleik, meistring og god helse gjennom heile oppveksten. Vi er i ferd med å samorganisere og samlokalisere oss med andre førebyggjande tenester for barn og unge, mellom anna psykisk helse.
Arbeidsoppgåver
- spennande oppgåver innan helsefremjande og førebyggjande arbeid med fokus på å skape tryggleik og trivsel for barn og unge
- gjennomføre helseundersøkingar, individuell oppfølging og vaksinering i tråd med nasjonale retningslinjer
- tett samarbeid med føresette, barnehage, skule, PPT, barnevern, kollegaer i Helse barn og unge og andre relevante samarbeidspartnarar
- bidra til at tenesta følgjer lovverk, nasjonale faglege retningslinjer og god kommunal praksis
- delta i tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- delta i den daglege drifta av tenesta som helsesjukepleiar/sjukepleiar
- rapportering og samarbeid med verksemdsleiar
Kvalifikasjonar
- offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar
- offentleg godkjend sjukepleiar kan òg søkje
- andre relevante utdanningar kan bli vurderte
- god kjennskap til relevant lovverk og nasjonale retningslinjer
- gode digitale ferdigheter og systemforståing
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Vi ønsker at du har:
- erfaring med arbeid med barn og unge, rettleiing
- erfaring i frå tverrfagleg samarbeid
- initiativ og tryggleik i rolla
- struktur og er sjølvstendig
- erfaring i frå helsestasjon eller skulehelseteneste
- god systematikk og er utviklingsorientert
- motiverande evner
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- engasjement for barn og unge si helse og utvikling
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Vi tilbyr
- ei spennande og utviklande rolle i ei teneste i vekst
- eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
- moglegheit til å påverke fagleg retning og utvikling
- gode pensjonsordningar
- lønn etter avtale
Søknad
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand).
Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden.
Søknadsfrist: 31.07.26
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
31.07.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6658097Se her for andre jobber fra Gol kommune
-
Sjukepleiar/vernepleiar 60-80% fast stilling natt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar sjukeheim og heimetenesta
Sogndal kommune
Balestrand -
Helsesjukepleiar 100 % mellombels
Øygarden kommune
STRAUME -
100% fast stilling som psykiatrisk sjukepleiar
Sogndal kommune
Leikanger