Company
Ål KommuneApplication deadline
24.05.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6611810Look here for other jobs from Ål Kommune
Ål Kommune
Helsesjukepleiar / sjukepleiar - 100 % midlertidig stilling Familiens hus frå 15.8.26-30.6.27
Offentlig forvaltning
Er du løysingsfokusert og ynskjer å vera med å bygge laget rundt bornet og deira familie og nettverk?
Er du ein relasjonsbyggar og har barnets beste i fokus?
Ynskjer du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit entusiastisk og solid fagmiljø?
Då ynskjer vi deg velkommen til vårt team!
Me har ledig 100% midlertidig stilling som helsesjukepleiar frå d.d
Kvalifikasjonar
- utdanning som helsesjukepleiar
- sjukepleiar som er i utdanning til helsesjukepleiar eller som har planar om dette, oppfordrast til å søke
- interesse for oppfølging av barn og familiar.
- god munnleg og skrifteleg framstillingsevne
- den som blir tilsett må ha førarkort kl. B og må disponere bil.
Arbeidsoppgåver
- helsefremjande og førebyggande oppgåver for tenesta i samsvar med lokale og nasjonale retningsliner og rutiner
- delta i tverrfaglege team i tett samarbeid med oppvekstsektoren og andre tenester
- skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule
- vaksinering
- andre aktuelle oppgåver i Familien hus ut frå kvalifikasjonar og behov
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du:
- er dyktig og engasjert i helsefremmande og førebyggande arbeid for born, unge og deira familiar
- er ein god relasjonsbyggjar
- god på kommunikasjon og rettleiing
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- er positiv og løysingsorientert
- har evne til nytenking
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr
- interessante arbeidsoppgåver knytt til familiar, barn og unge
- eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
- godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
- internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
- lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
- pensjonsordning i KLP
Me har eit godt arbeidsmiljø der det er plass til både fagleg fordjuping, humor i kvardagen og eit godt fellesskap. Me har faste fagmøter, veiledning og arbeider tverrfagleg både innad i avdelinga og med samarbeidspartar. Vi er ei nytenkjande teneste i utvikling. Dette gjer arbeidskvardagen variert og spennande. Vi ser etter deg som brenn for born og unge. Me har eit mål om at det skal vera godt å vekse opp i Ål.
Søknad og politiattest:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Flytte til Ål?
Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Velkomen som søkjar!
Company
Ål KommuneApplication deadline
24.05.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6611810Look here for other jobs from Ål Kommune