Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
19.04.2020Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAntal befattningar
1Karriere-kod
2858727Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 03.04.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Fjaler kommune
Helsesjukepleiar og klar for nye faglege utfordringar?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Til å ha det faglege ansvaret for helsestasjonen og skulehelsetenesta søkjer vi no etter ein dyktig helsesjukepleiar med stor interesse for faget sitt. Den nye fagansvarlege må vere oppteken av korleis ein best kan få til helsefremmende og førebyggande arbeid blant barn og unge.
Vi ser etter ein helsesjukepleiar med fokus på heilskapeleg utvikling av helsestasjonen og skulehelsetenesta, og som jobbar målretta og systematisk for å ha eit best mogleg tilbod til barn og unge og familiane deira i kommunen.
Vår nye fagansvarlege vil handtere dei daglege driftsoppgåvene for tenesta, og sørge for fagleg utvikling og kompetanseheving for dei øvrige tilsette. I tillegg vil tverrfagleg samarbeid med dei andre helsetenestene og oppvekstsektoren vere sentralt.
Det kan bli aktuelt å tilsetje helsesjukepleiar utan fagansvar i staden for fagansvarleg avhengig av søkjarane.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver i helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom etter nasjonale retningslinjer, lovar og forskrifter
- Direkte arbeid med barn og ungdom og deira familiar
- Foreldrerettleiing
- Fokus på tverrfaglegheit og tidleg innsats
- Logistikk kring samarbeidspartar som skule, barnehage mv.
- Bestilling av medisinsk utstyr og anna til helsestasjonen
- Superbrukar i CGM - helsestasjonen sitt fagsystem
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent utdanning som helsesjukepleiar/helsesøster
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta
- Gode IKT-kunnskapar
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Positiv
- Tillitsskapande
- Oppteken av tverrfagleg samarbeid
- Strukturert
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
19.04.2020Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAntal befattningar
1Karriere-kod
2858727Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 03.04.2020