Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
01.06.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6620469Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Helsesjukepleiar for tryggleik, støtte og vekst
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helsestasjonen i Sogndal søkjer engasjert helsesjukepleiar som vil gjere ein forskjell!
Hjå oss vert du ein del av eit engasjert og tverrfagleg fagmiljø som er viktige støttespelarar for barn, unge og familiar. Me følgjer familiar gjennom svangerskap og spedbarnstid, og vidare i barnehage-, skule- og ungdomsår - med fokus på førebygging, meistring og trivsel. Som helsesjukepleiar bidreg du inn i dette viktige arbeidet og møter mennesker i ulike livssituasjonar med fagleg tryggleik og varme.
Me har eit sterkt og mangfaldig fagmiljø med helsesjukepleiarar, barnekoordinator, miljørettleiarar og psykologar. Me er samlokalisert med jordmor-, fysioterapi- og ergoterapitenesta, og samarbeider tett med andre tenester i og utanfor kommunen slik at barn, unge og familiar får den støtta dei treng til rett tid.
No har me ledig ei stilling:
100 % vikariat i perioden 01.08.26 – 30.06.27 (Me er fleksible med tanke på oppstartstidspunkt)
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene følgjer dei nasjonalfaglege retningslinjene for helsefremjande og førebygjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste
Tverrfagleg samarbeid og teamarbeid
Arbeid i både skulehelsetenesta og helsestasjonen kan vere aktuelt
Arbeidsoppgåver og arbeidsstad vert avtala ut frå kvalifikasjon og drift
Kven er du?
Helsesjukepleiar, eller sjukepleiar under helsesjukepleiarutdanning
Sjukepleiarar kan vurderast ved fråvær av kvalifiserte søkjarar
Du kommuniserer godt og evne til å skape gode relasjonar til barn, unge og familiane
Du er fagleg trygg, strukturert, fleksibel og samarbeidsvillig
Du trivst i eit variert arbeidsmiljø og brenn for førebyggjande arbeid
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Me tilbyr
Variert og meiningsfull arbeidskvardag
Godt fagmiljø og tett samarbeid med andre tenester
Kollegarettleiing
Dagarbeid, fleksitid og leasingbil
Gode velferds-, forsikrings- og pensjonsordningar
Reiseverksemd må påreknast. Søkjar må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta. Du må beherske norsk munnleg og skriftleg.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
01.06.2026Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6620469Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Helsesjukepleiar / sjukepleiar - 100 % midlertidig stilling Familiens hus frå 15.8.26-30.6.27
Ål Kommune
ÅL -
Barnehagelærar i fast stilling
Sogndal kommune
Kaupanger -
Kontaktperson HAFS barnevernteneste
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Ergoterapeut 100% fast stilling i Askvoll kommune
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal