Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
11.01.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6485345Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Helsesjukepleiar for tryggleik, støtte og vekst
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helsestasjonen i Sogndal søkjer engasjerte helsesjukepleiarar som vil gjere ein forskjell!
Hjå oss vert du ein del av eit engasjert og tverrfagleg team som er viktige støttespelarar for barn, unge og familiar. Me følgjer familiar gjennom svangerskap og spedbarnstid, og vidare i barnehage-, skule- og ungdomsår - med fokus på førebygging, meistring og trivsel. Som helsesjukepleiar bidreg du inn i dette viktige arbeidet og møter mennesker i ulike livssituasjonar med fagleg tryggleik og varme.
Me har eit sterkt og mangfaldig fagmiljø med helsesjukepleiarar, barnekoordinator, miljørettleiarar og psykologar. Me er samlokalisert med jordmor-, fysioterapi- og ergoterapitenesta, og samarbeider tett med andre tenester i og utanfor kommunen slik at barn, unge og familiar får den støtta dei treng til rett tid.
Ledige stillingar
- 100 % fast stilling
- 80 % fast stilling
- 100 % vikariat i 1 år (moglegheit for forlenging)
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene følgjer dei nasjonalfaglege retningslinjene for helsefremjande og førebygjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste
Tverrfagleg samarbeid og teamarbeid
- Arbeid i både skulehelsetenesta og helsestasjonen kan vere aktuelt
Arbeidsoppgåver og arbeidsstad vert avtala ut frå kvalifikasjon og drift
Kven er du?
Helsesjukepleiar, eller sjukepleiar under helsesjukepleiarutdanning
Sjukepleiarar kan vurderast ved fråvær av kvalifiserte søkjarar
Du kommuniserer godt – både med barn, unge og kollegaer
Du er fagleg trygg, strukturert, fleksibel og samarbeidsvillig
Du trivst i eit variert arbeidsmiljø og brenn for førebyggjande arbeid
Me tilbyr
Variert og meiningsfull arbeidskvardag
Godt fagmiljø og tett samarbeid med andre tenester
Kollegarettleiing
Dagarbeid, fleksitid og leasingbil
Gode velferds-, forsikrings- og pensjonsordningar
Reiseverksemd må påreknast. Søkjar må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta. Du må beherske norsk munnleg og skriftleg.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
11.01.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6485345Se här för andra jobb från Sogndal kommune
-
Avlastar i Bu- og miljøtenesta
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Tilkallingsvikar Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Tilkallingsvikar Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger -
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal