Company
Gol kommuneApplication deadline
30.04.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4947174Look here for other jobs from Gol kommune
- Updated 04.04.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gol kommune
Helsesjukepleiar for skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom - 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gol kommune søker etter helsesjukepleiar for skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom for å utøve, leie og koordinere dei førebyggande helsetenestene til barn og ungdom frå 6-19 år. Vil du være med å utvikle at Gol kommune sine førebyggande tenester blir lett tilgjengelege og tverrfagleg organisert? Ynskjer du å gi eit godt tverrfagleg tilbod til barn, unge og familiar? Da ynskjer vi at du søker på denne stillinga.
Arbeidet vil skje i nært samarbeid med helsesjukepleiar, sosiallærarar, psykisk helse-teneste, fysioterapitenesta og legetenesta.
Arbeidsstader er barne- og ungdomsskulen, vidaregåande skule og helsestasjon for ungdom/ Gol helsestasjon.
Arbeidsoppgåver:
• I samarbeid med annan helsesjukepleiar utøve førebyggande helsetenester i samsvar med lov og forskrifter
• Drop-in tenester på barne-og ungdomsskule, vidaregåande skule og HFU
• Leie inntaksmøter
• Koordinere det tverrfaglege tilbodet i skulehelsetenesta
• Samarbeide med relevante tenester som t.d. spesialisthelsetenesta og barneverntenesta
Kvalifikasjonar:
• Godkjent utdanning som helsesjukepleiar eller mastergrad i klinisk sjukepleie med fagområde helsesjukepleie
• Veiledningskompetanse eller leiarerfaring er ynskjeleg
Vi ønsker deg som:
• Har engasjement for førebyggjande arbeid og er utviklingsorientert
• Har erfaring frå skulehelsetenesta eller anna relevant erfaring
• Har evne til god kontakt med barn og unge
• Har gode samarbeidsevner
• Har evna til å arbeide strukturert og målretta
Vi tilbyr:
• Eit godt og triveleg fagmiljø
• Leiaropplæring i grupper i kommunens helse- og omsorgsavdelingar.
• Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
For stillinga gjeld:
• Lønn etter utdanning og ansiennitet
• Tenestepensjon
Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attester
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden.
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rette e-postadresse i søknaden.
Company
Gol kommuneApplication deadline
30.04.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3550, GOL
GOL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4947174Look here for other jobs from Gol kommune
- Updated 04.04.2023