• Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    24.08.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6312061
  • Look here for other jobs from Gol kommune
  • Updated 15.08.2025
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Gol kommune

Helsesjukepleiar - 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein engasjert og fagleg sterk helsesjukepleiar som ønskjer å bidra til vidare utvikling og høg kvalitet i tenestene våre? Då er det nettopp deg vi ser etter!

Gol helsestasjon har ledig eit 100 % vikariat som helsesjukepleiar i perioden frå 1. september 2025 og eitt år framover. Det kan bli høve til forlenging, og vikariatet kan bli fast på sikt.
Ved helsestasjonen jobbar det helsesjukepleiarar, jordmødre og ei merkantil medarbeidar. Helsestasjonen er organisert under Helseavdelinga i Gol kommune, og omfattar tenester innan helsestasjon for barn, skulehelsetenesta og oppfølging i svangerskap.

Arbeidsoppgåver
-Som helsesjukepleiar vil du ha ansvar for:
• Oppfølging av barn og deira foreldre og/eller skolehelstenesta
• Vaksinasjon etter det norske barnevaksinasjonsprogrammet
• Systematisk foreldrerettleiing
• Koordinering og støtte til barn og familiar med samansette utfordringar
• Tverrfagleg samarbeid og utvikling av tenesta
• Tilbod om helsetenester til flyktningar

Kvalifikasjonar:
• Offentleg godkjent helsesjukepleiar, eller under utdanning til helsesjukepleiar. Utdanning som sjukepleiar kan også vurderast
• Førarkort klasse B

Vi ynskjer at du:
• Har vidareutdanning innan arbeid med barn og familiar (ønskjeleg)
• Er sertifisert i foreldreveiledningsprogram som COS-P, Marte Meo eller ICDP (ønskjeleg)
• Er engasjert og har eit brennande hjarte for førebyggjande arbeid
• Arbeider sjølvstendig og strukturert
• Har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg og varmt
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:
• Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med moglegheit til å påverke og utvikle tenesta
• Deltaking i faglege forum
• Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer
• Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
• Løn og tilsetjing i samsvar med gjeldande avtaleverk (arbeidsmiljølova, KS Hovudavtale og Hovudtariffavtale)

Praktisk informasjon:
• Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
• Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
• Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
• Vitnemål og attestar legg du ved søknaden

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar – vi gler oss til å høyre frå deg!

 

  • Company
    Gol kommune
  • Application deadline
    24.08.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3550, GOL
    GOL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6312061
  • Look here for other jobs from Gol kommune
  • Updated 15.08.2025