Företag
Gol kommuneAnsökningstiden
31.07.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Fag- / SvennebrevArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3550, GOL
GOL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6658544Se här för andra jobb från Gol kommune
Frågor riktas till
Ingebjørg Teigen
tlf: 91348300
Gol kommune
Helsesjukepleiar – 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Hos oss blir du ein del av eit kompetent og inkluderande tverrfagleg team med varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Er dette noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg!
For meir informasjon om stilinga, ta kontakt med:
Nic Morten Eilertsen
tlf: + 4746880253
nic.morten.eilertsen@gol.kommune.no
Elektronisk søknad via Gol kommune - Våre ledige stillingar
Søknadsfrist: 31.07.26
Gol kommune ligg sentralt plassert på austlandet, og er eit knutepunkt mellom aust og vest.
Gol har ei flatevidde på 532,5 kvm. Innbyggjartal og mykje andre opplysningar finn du her på Statistisk sentralbyrå sine sider.
Kor ligg Gol og korleis kjem ein dit
Gol ligg i dalføret Hallingdal i Buskerud fylke, 167 km nordvest for Drammen. Køyrer ein riksveg 7, er det 174 km frå Oslo til Gol, og 290 km frå Gol til Bergen .
Følgjer ein riksveg 52, kjem ein til Vestlandet via Lærdalstunnelen. Avstanden til Lærdal er ca. 110 km.
Over til nabodalføret Valdres køyrer ein riksveg 51. Det er ca. 50 km til Valdres sitt regionsenter, Fagernes.
Bergensbanen har stopp på Gol. Toget brukar ca. 2 t. 45 min. frå Oslo og i underkant av 4 timar til Bergen.
Dersom ein vil over til Vestlandet med buss, kan ein ta Sogn og Fjordane ekspressen til Førde via Sogndal.
Vær og natur
Gol har eit typisk innlandsklima, med kald vintrar og varme sumrar. Flatevidda i Gol er 530 km² og høgda over havet varierar mellom 180 og 1295 meter. Austover mot Valdres ligg det tradisjonsrike Golsfjellet. Turistbedrifter, hytter og stølsgrender har lenge prega dette senteret for fjellturisme i øvre Buskerud. Det er tilrettelagt for eit aktivt friluftsliv med eit nett av merka løyper for både vinter- og sumaraktivitetar. Kommunen har to freda naturreservat: Lyseren våtmarksreservat som er eit kompleks av små vatn med myrer omkring og Metubba myrreservat, som er dominert av myrer av ulik type og med interessante planter og plantesamfunn.
Historie
Namnet Gol skal koma av Gord, som ei tid var namnet på elva som renn
gjennom bygda. Namnet tyder gjerde, gard, stengsel. Elva laga stengsel og set grense mellom to dalsider. Det er usikkert når dei fyrste menneska busette seg i Gol, men ein er ganske sikker på at ved år 1000 var minst 26 gardar i Gol rydda
og folkesett (”Boka om Gol”, b.1). Funn av dyregraver og jernslagg på Golsfjellet viser imidlertid at området har vore utnytta frå urgammal tid. Gol stavkyrkje blei i 1884 flytta til Bygdøy og danna grunnstamma i Norsk folkemuseum. I dag har
Gol berre kyrkjegarden att av det opprinnelege, men ein kopi av stavkyrkja er reist mellom riksveg 7 og Gol sentrum.
Næringsliv
Gol er ein av landets største reiselivskommunar, og er det regionale handels- og servicesenteret for regionen Hallingdal. Servicenæringane utgjer ca.. 70%, industri, kraft- og vassforsyning, bygge- og anleggsverksemd ca. 20% og landbruk ca. 10% av den totale sysselsetjinga.
Barnehage og skular
Gol kommune har full barnehagedekning. Tilbodet er fordelt på fem barnehageavdelingar og ein privat familiebarnehage. Kommunen har ein skule, 1. -10. trinn. Læringssenteret gir tilbod om grunnskuleopplæring, spesialundervisning og undervisning i norsk med samfunnsfag for framandspråklege. I tillegg har Gol vidaregåande skule og folkehøgskule.
Företag
Gol kommuneAnsökningstiden
31.07.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
Fag- / SvennebrevArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3550, GOL
GOL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6658544Se här för andra jobb från Gol kommune
Frågor riktas till
Ingebjørg Teigen
tlf: 91348300