Ledig stilling

Øygarden kommune

Helsesjukepleiar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Familiehelsetenesta består av 4 helsestasjonar med jordmorteneste, helsestasjon- og skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og flyktninghelseteneste.

Vi har ledig stilling som helsesjukepleiar i helsestasjon- og skulehelsetenesta, for tida på Fjell ungdomsskule. Stillinga er ledig frå august.

Du vil koma til eit engasjert fagmiljø der du vil arbeide tett med andre faggrupper. Du vil få tilbod om kompetanseheving, t.d. VIVAT kurs, kurs i  å drive angstmeistringsgrupper og delta på opplæringsprogrammet «Tidleg inn», som startar opp hausten 2025. Øygarden kommune har ei helsestasjon- og skulehelseteneste som er samansett av engasjerte og fagleg dyktige helsesjukepleiarar og legar. Tilsette som arbeider med ungdom i ungdomsskulane og helsestasjon for ungdom har faste fagmøte og eigen fagansvarleg leiar. Skulehelsetenesta på Fjell ungdomsskule er veldriven og har gode samarbeidsrutinar med skulen. Vidare er planlegging og bygging av ny ungdomsskule på Bildøy i gang. Skulen skal stå ferdig med nye fine lokalar i 2027.

Øygarden kommune er ein BTI kommune, betre tverrfagleg innsats . Vi søkjer etter deg som er ein positiv lagspelar i et tverrfagleg miljø, og som er trygg i rolla di. 

Arbeidsoppgåver:

  • Individuelle/gruppe-konsultasjonar
  • undervisning
  • samarbeid på tvers av tenester og faggrupper
  • delta i fagutviklingsarbeid

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisasjon som helsesjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med ungdom
  • Erfaring frå arbeid med grupper
  • Gode dataferdigheiter

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter helsesjukepleiar med engasjement for ungdom.

Du er:

  • Fagleg dyktig og har engasjement for førebyggjande helsearbeid
  • Fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig
  • God på kommunikasjon og har evne til rettleiing
  • Strukturert og sjølvstendig samstundes som du er ein lagspelar
  • God på samarbeid og har evne til å bygge relasjoner

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Anna: Det er naudsynt at ein har førarkort og disponerer bil i tenesta. Det er krav om politiattest.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Kontakt:

Einingsleiar:

Berit Algrøy mobil 95208001

berit.algroy@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar:

Elisabeth Handal mobil: 97789653

elisabeth.handal@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.