Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
07.05.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5154417Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 25.04.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Helsesekretær, 70 % fast stilling, Knarvik allmennpraksis
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har no ledig 70 % fast stilling som autorisert helsesekretær ved Knarvik allmennpraksis.
Om Knarik allmennpraksis
Knarvik allmennpraksis har tre næringsdrivande fastlegar. Legekontoret tek i mot akutte pasientar og vanlege listepasientar. Det er ein sjukepleiar og to helsesekretærar på kontoret, og det er god trivsel og stabile tilsette. Det er eit veldreve kontor, der god samhandling mellom legar og helsepersonell er viktig i ein travel arbeidsdag. Knarvik allmennpraksis ligg lokalisert sentralt i Knarvik.
Arbeidet er organisert med heile arbeidsdagar.
Arbeidsoppgåver
- Skiftestovearbeid
- Telefon og resepsjon
- Laboratoriearbeid
- Kvalitetsarbeid
- Økonomirutiner og driftsoppgåver etter avtale med legane
- Vi ønskjer også at du kan ta initiativ til, og bidra i forbetrings og utviklingsarbeid
Krav om kompetanse
- Autorisert helsesekretær
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Grunnleggjande god digital kompetanse
I tillegg ønskjer vi gjerne at du har
- Relevant arbeidserfaring
- Erfaring med Infodoc
Personlege eigenskapar
• Utføre arbeidsoppgåver i tråd med kunnskapsbasert praksis på legekontor
• Gode samarbeidsevner i ein travel kvardag
• Ta initiativ til og bidra i forbetrings- og utviklingsarbeid
• Ha evne til å arbeide systematisk og målretta, både sjølvstendig og i samarbeid med legane
• Fleksibel og endringsvillig
• Ha godt humør og vere løysingsorientert
• Du er ein positiv bidragsytar inn i det gode arbeidsmiljø ved kontoret
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilby
- Løn etter gjeldande tariff.
- Kollegafellesskap som samarbeider godt for å tilby gode helstenester
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Mogelegheit for å vere med å vidareutvikle legekontoret, med fokus på kompetanseheving og kvalitetsforbedring
- Arbeid på dagtid
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
07.05.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5154417Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 25.04.2023