Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
19.01.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6001546Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Helsesekretær
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ledig 75% stilling for helsesekretær ved Sogndal legesenter frå 1. april 2025
Sogndal legesenter har 13 legar og 7,5 årsverk hjelpepersonell (bioingeniørar, helsesekretærar og sjukepleiarar). Kontoret har eige laboratorium og er samlokalisert med mellom anna jordmorteneste, sjukeheim, heimesjukepleie, fysioterapi, psykiatriteneste og helsestasjon.
Arbeidsoppgåver:
- Allsidige oppgåver for helsesekretær. Aktuelle oppgåver er telefontriagering, resepsjonsarbeid og administrative oppgåver samt mellom anna enkle pasientkontrollar og laboratoriearbeid.
Krav til kompetanse:
- Helsesekretær
Krav til søkjar:
- Gode evner til både sjølvstendig arbeid og lagarbeid.
- Godt humør og evne til å møte pasientar og kollegaer på ein god måte.
- Fleksibilitet, evne til å handtere fleire problemstillingar på ein gong, tåle avbrytingar og samstudes klare å jobbe systematisk og ryddig.
- Flytande norskkunnskapar skriftleg og munnleg.
- Personlege eigenskapar blir tungt vektlagde.
Spesielle vilkår for stillinga:
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, eventuelt tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Me tilbyr
- Ein kompetansearbeidsplass med høg fagleg og etisk standard, godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.
- Løn etter tariff.
- Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette.
- Variert arbeid i positive miljø.
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
- Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg
søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
19.01.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6001546Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Sjukepleiar eller helsesekretær
Sogndal kommune
LEIKANGER -
Nattevakt - Bu og miljø Balestrand
Sogndal kommune
BALESTRAND -
Sjukepleiar SHOS
Sogndal kommune
Sogndal -
Ferievikar 2025 - Kjøkken - Sogndal (SHOS)
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Miljøterapeut/miljøarbeidar - Bu- og miljø Leikangar
Sogndal kommune
LEIKANGER