• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6668096
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Helsefagarbeider 78% fast stilling, Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!

Bukollektiva har ledig 78% stilling for helsefagarbeidar ved Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28. Arbeid på dagtid i vekedager på Seniorsenteret kombinert med arbeid kvar 3. helg ved Sloghaugvegen 28. Stillinga kan justerast til 84% då med arbeid annenkvar helg. 

 

I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.

Seniorsenteret er dagsenter for heimebuande eldre og er ope 4 dager/veke. Det er fokus på aktivisering, relasjonsbygging, trivsel og å skape ein god arena for tenestemottakarane. 

Ved Sloghaugvegen 28 har vi to avdelingar med 8 bebuarar i kvar avdeling. Bebuarane har samansett sjukdomsbilete og har behov for heildøgns omsorg. Det er nært samarbeid mellom avdelingane både fagleg og sosialt.

Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 er lokalisert i same bygg, har felles leiing og det er nært samarbeid. Avdelinga og eininga har godt omdømme og høg trivsel.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 10. august 2026, tiltredelse 28. september eller anna dato etter avtale.

 

 

 

Kvalifikasjoner:

  • Autorisert helsefagarbeidar    
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med eldreomsorg kan vere ein fordel    
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad    
  • Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon   
  • Gode datakunnskaper    
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlige egenskaper:

Vi ser etter deg som:

  • Er kreativ og har evne til å skape engasjerande aktivitetar. 
  • Er sjølvgåande og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver. 
  • Har høg gjennomføringsevne og evnar å omsetje idear til handling. 
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert. 
  • Har gode samarbeidsevner og samtidig kan arbeide sjølvstendig. 
  • Er trygg, omsorgsfull og bidreg til eit godt miljø for både tenestemottakarar og kollegaer.   

 

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Ei meiningsfull og variert stilling. 
  • Engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. 
  • Moglegheit til å påverke og utvikle aktivitetstilbodet. 
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer 
  • God opplæring og nærleiing   
  • Mentor-ordning ved oppstart  
  • Fokus på eldreomsorg og fagleg utvikling 
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper 
  • Varierte arbeidsoppgåver   
  • Gratis parkering  
  • Tillegg for relevant vidareutdanning  
  •  I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,-  som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.
     

 

Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

 

 

 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    10.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6668096
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune